Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Sri Lankas statsminister Ranil Wickremesinghe har bede politiet og militæret om å «gjenopprette orden» på Sri Lanka etter nye demonstrasjonar onsdag.
uvakt@ntb.no/bent.tandstad@npk.no
Publisert: 13.07.2022 kl 13:00
Det vart erklært ein landsomfattande unntakstilstand berre timar etter at president Gotabaya Rajapaksa flykta frå Sri Lanka til Maldivane onsdag.
– Sidan presidenten er ute av landet, har det vorte erklært ein nødssituasjon for å handtere krisa i landet, seier talsmann Dinouk Colombage frå Statsministerens kontor. Det inneber mellom anna eit portforbod.
Leiaren i nasjonalforsamlinga, Mahinda Yape Abeyewardana, seier i ein TV-send tale at statsministeren er utnemnd til fungerande president, til stort raseri frå demonstrantane, som også rasar mot at Rajapaksa fekk forlate landet.
– Vi trudde han skulle bli sett bak lås og slå, ikkje rømme til ei tropisk øy. Kva slags rettferd er det? spør ein demonstrant.
Tusenvis av dei har storma statsministerkontoret i hovudstaden Colombo, for å krevje at Wickremesinghe går av umiddelbart.
Han har vore statsminister i knappe to månader, men ifølgje demonstrantane har han ikkje gjort nok for betre den økonomiske situasjonen i landet.
– Wickremesinghe kunne ikkje levere det han lova dei to månadene sine, så han burde slutte. Alt han gjorde var å prøve å verne Rajapaksa, seier Supun Eranga, som er ein av demonstrantane som har møtt opp utanfor Wickremesinghes kontor onsdag.
Det er sett inn militærstyrkar for å drive vekk demonstrantane ved bruk av tåregass.
Demonstrantane storma også den største statlege TV-kanalen på Sri Lanka, Sri Lanka Rupavahini Corporation, under ei direktesending og beordra at berre nyheiter frå demonstrasjonane blir kringkasta.
Statsministeren sjølv har sagt at han berre vil gå av når ei ny regjering er på plass, og har bede srilankisk politi og militære om å gripe inn for få «gjenopprette orden» på Sri Lanka.
Ifølgje nyheitsbyrået AP er fleire medvitslause demonstrantar frakta til sjukehus etter å ha kollapsa onsdag.
Fleire helikopter sirklar allereie over hovudet til dei frammøtte, som held opp langfingeren og vaiar srilankiske flagg.
Det har vore kraftige demonstrasjonar på Sri Lanka i fleire månader, men i helga tok det heilt av då tusenvis av demonstrantar storma presidentpalasset i Colombo og brende ned dei private heimane til statsministeren.
Sri Lanka opplever for tida den verste økonomiske krisa sidan sjølvstendet i 1948, ei krise presidenten får skuld for. Demonstrantane skuldar mellom anna Rajapaksa og slektningane hans for å i ei årrekkje ha stole offentlege pengar til privat bruk og for å ha påskunda kollapsen i landet ved å feilstyre økonomien.
Presidentfamilien har nekta for korrupsjonsskuldingane, men Rajapaksa erkjende at noko av politikken hans har bidrege til at økonomien har kollapsa.
Fleire reiser langt for å delta i demonstrasjonane i Colombo, og demonstrantane har sagt dei vil okkupere offentlege bygg i hovudstaden inntil både statsministeren og presidenten har gått av for godt.
Bilete frå innsida av presidentpalasset viser folk som badar i symjebasseng, beundrar måleri og slappar av i Rajapaksas seng. Demonstrantane har også okkupert presidentkontoret i Colombo.
Srilankiske parlamentarikarar har sagt dei vil velje ein ny president neste veke.
Sri Lanka er nærast bankerott og har suspendert betalinga av 7 milliardar dollar på utanlandsgjelda som har forfall i år. Landet har gått tom for valuta og er ikkje i stand til å importere mat, drivstoff, gass til matlaging eller medisinar.
Mangelen på drivstoff til kraftstasjonar fører til daglege straumbrot, og folk står i kø i dagevis for å kjøpe bensin. På grunn av krisa er inflasjonen skyhøg, noko som særleg rammar dei fattigaste.
Det norske utanriksdepartementet har avrådd alle reiser til Sri Lanka som ikkje er strengt nødvendige.
(©NPK)
Politiet brukar tåregass mot demonstrantar utanfor statsminister Ranil Wickremesinghes kontor i Colombo på Sri Lanka onsdag. Foto: Eranga Jayawardena / AP / NTB
Politistyrkar utanfor Statsministerens kontor i Colombo onsdag. Foto: Rafiq Maqbool / AP / NTB
Sri Lankas statsminister Ranil Wickremesinghe har bedt politiet og militæret om å «gjenopprette orden» på Sri Lanka etter ytterlegare demonstrasjonar. Foto: Eranga Jayawardena / AP / NTB
Sri Lankas statsminister Ranil Wickremesinghe er utnemnt til fungerande president på Sri Lanka, etter at Gotabaya Rajapaksa flykta onsdag. Foto: Eranga Jayawardena / AP / NTB
Styresmaktene har erklært unntakstilstand på Sri Lanka etter at presidenten flykta frå landet onsdag. Foto: Rafiq Maqbool / AP / NTB
Ein demonstrant vaier et srilankisk flagg framfor president Gotabaya Rajapaksas kontor i Sri lankas hovudstad Colombo 13. juli. Foto: Eranga Jayawardena / AP / NTB
Tusenvis av demonstrantar storma presidentpalasset i Colombo i helgen. Foto: Rafiq Maqbool / AP / NTB
Det er erklært unntakstilstand på Sri Lanka etter kraftige demonstrasjonar de siste dagane. President Gotabaya Rajapaksa har flykta frå landet. Foto: Rafiq Maqbool / AP / NTB
Sri Lankas president Gotabaya Rajapaksa har flykta til Maldivane etter kaoset i heimlandet de siste dagane. Demonstrantar meiner han har skuld i den økonomiske krisa. Foto: Eranga Jayawardena / AP / NTB
Folk ventar i kø for å kjøpe gass til matlaging i nærleiken av et distribusjonssenter i Colombo 12. juli. Den økonomiske krisa i landet har ført til skyhøg inflasjon. Foto: Eranga Jayawardena / AP / NTB
Demonstrantar badar i Rajapaksas basseng etter at dei storma presidentpalasset søndag 10. juli. Foto: Eranga Jayawardena / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.