Melby lovar rask eksamensavklaring

Kunnskapsminister Guri Melby lovar eit snarleg svar på om eksamen blir avlyst for elevar i grunnskulen og vidaregåande skule til våren.

– Det stemmer at vi har fått ei fagleg vurdering frå Utdanningsdirektoratet om å avlyse skriftleg eksamen. Eg har allereie invitert til møte med lærarorganisasjonane, Elevorganisasjonen og KS for å drøfte dette innspelet onsdag, seier Melby (V) i ein kommentar til NTB.

Sjølve avgjerda skal takast «så snart som mogleg», lovar statsråden. Ho poengterer at det er viktig at både skular og elevar veit kva dei skal planleggje ut frå.

Løysinga skal sikre at elevane får vitnemål, og at ingen dører blir lukka for læreplass, fagbrev eller vidare utdanning.

(©NPK)

Kunnskapsminister Guri Melby (V) lovar eit snarleg svar på om eksamen blir avlyst for elevar i grunnskulen og videregåande skule til våren.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB