Melby talte til Venstre-landsmøtet: Kom med lærarløfte og angreip Brenna

Ei verd i krise og krig prega leiar Guri Melbys (V) landsmøtetale. Ho peikar spesielt på barna som arvar jorda – og som ho meiner må få betre betalte lærarar.

– Kjære landsmøte, eg er redd for at vi på veg inn i ei motivasjonskrise i norsk skule. Vi har lærarar som vil slutte, og elevar som blir stadig mindre motiverte. Foreldre som er bekymra for ungane sine. Og kunnskapsministeren? Ho følgjer situasjonen nøye. Ho vurderer tiltak fortløpande. Men ho leverer ingen, sa Melby i talen sin til Venstres landsmøte på Gardermoen fredag.

Venstre-leiaren viste til at Arbeidarpartiet og Senterpartiet har 279 av 356 ordførarar i Noreg, noko som også gir dei makt inn mot arbeidsgivarorganisasjonen KS.

Lærarane har nettopp gjennomført sin lengste streik nokosinne, som enda med at regjeringa bestemte seg for tvungen lønnsnemnd.

– Heldigvis har vi eit val neste år. Det felles løftet vårt i alle kommunar, anten det er Bergen eller Bodø, Haugesund eller Harstad, er: Venstre skal jobbe for at elevane får den hjelpa dei treng og lærarane den lønna dei fortener, sa Melby.

Urolege tider

Venstre innleier no eit tre dagar langt landsmøte, der dei skal snikre ny politikk fram mot lokalvalet neste år.

I talen fokuserte Melby mykje på dei små, som no veks opp i ei meir uroleg verd.

– Alle vi som er her, har vorte vaksne i ei verd som har vorte betre år for år. Vi har levd gjennom framsteg. Vi skuldar ungane våre det same, å vekse opp i ei verd som blir betre. År for år. Akkurat no kjennest det ikkje som vi klarer det, sa Melby.

Ukraina-oppmoding

Venstre-leiaren snakka mykje om krigen i Ukraina. Ho utfordra utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) til å ta ei leiarrolle i den europeiske dugnaden for gjenoppbygging av landet.

– Neste veke skal eg på Stortinget fremje forslaget vårt til ein langsiktig, forpliktande plan for å støtte Ukraina. Det inkluderer konkrete punkt om å donere våpen, til bruk både på sjøen og i lufta. Men ein langsiktig plan må også vere ein plan for korleis vi skal stille opp økonomisk for Ukraina etter at krigen er over, seier Melby, som forsikra om at Venstres støtte til Ukraina står fast.

– Vi og forbundsfellane våre må gjere det klart at terror-strategien til Putin ikkje vil fungere, sa Venstre-leiaren.

EU-bønn til Støre

Ho meiner at krigen i Ukraina også har vist at Noreg bør inn i EU, og ber statsminister Jonas Gahr Støre komme på banen – og stå fram som ja-mann.

– Den dårlegast skjulte løyndommen i landet må vere at Jonas Gahr Støre er for norsk EU- medlemskap, seier ho.

Venstre har nyleg foreslått ei ny utgreiing av norsk EU-medlemskap, men vil neppe få fleirtal for dette i Stortinget. Hurdalsplattforma slår fast at Noreg ikkje skal vere medlem av EU.

– Eg veit at Støre forstår at Noreg høyrer heime i det europeiske fellesskapet. Men kvar gong han blir spurd om EU-spørsmålet, seier han at det ikkje er aktuelt, seier Melby.

Ho vende seg direkte til Støre:

– Du er ikkje politisk kommentator. Du er statsminister. Viss du meiner at norsk EU-medlemskap er det beste for Noreg, då må du jobbe for det! Viss du meiner vi må ha ein skikkeleg debatt om EU-medlemskap, då må du starte den debatten.

Klimakrise

Melby trekte også fram dei minste i samfunnet då ho tok opp klimakrisa.

– Vi skuldar neste generasjon ein jordklode som er i betre stand enn den vi sjølv vart fødde på. Men vi veit at det blir vanskeleg. I år har vi sett klimaendringane – og det er eit skremmande syn, sa Melby.

Ho undra seg over kva dagens seksåringar vil seie i framtida.

– Vil dei seie at vi tok Europa framover? Eller vil dei seie at dette var tiåret der populistiske krefter og autoritære statsleiarar vann fram? At dei reiv ned dei institusjonane som sikrar fridommen?

– No er det vår generasjon som må ta dei rette vala. Kjempe dei rette kampane. Vi skal sørgje for at vi ikkje berre kjem oss gjennom krisa, men at vi også tek samfunnet framover, sa Melby i avslutninga av talen.

Ho vart hylla med ståande applaus i etterkant.

(©NPK)

Venstres leiar Guri Melby bad om høgare lærarlønningar i sin tale til Venstres landsmøte. Foto: Javad Parsa / NTB

Venstre-leiar Guri Melby tok til orde for ein ny norsk EU-søknad i sin tale til landsmøtet på Gardermoen fredag.
Foto: Javad Parsa / NTB

Annonse