Klargjør siden...

Meloni vitna i rettssak om deepfake-porno

Italias statsminister Giorgia Meloni vitna onsdag i saka mot to menn som laga og distribuerte pornografiske deepfake-videoar av henne.

Såkalla deepfakes nyttar seg av kunstig intelligens for å produsere video, lyd og bilete som er vanskeleg å avsløre som falske.

Meloni uttalte seg via videolink til domstolen i Sassari på Sardinia. Ho sa at dei som er ansvarlege for videoane, må straffast.

– Dette er ei form for vald mot kvinner, sa ho ifølgje det italienske nyheitsbyrået ANSA.

Sett av fleire millionar

Det er ein far og ein son, begge italienarar, som er skulda for å ha laga videoane, der Melonis ansikt er plasserte på kroppane til pornoskodespelarar.

Ifølgje påtalemakta låg videoane ute på ei amerikansk nettside i månadsvis, der dei vart sett fleire millionar gonger.

Meloni, som leier ytre høgre-partiet Italias brør, ber om 100.000 euro, nesten 1,2 millionar kroner, i oppreising.

Ho har lova å gi den eventuelle oppreisingssummen til eit fond som støttar kvinner som har vorte utsette for valdsbruk frå menn.

Held fram i 2025

Meloni seier ho vil at søksmålet skal sende ein bodskap til kvinner og jenter som blir utsette for vald og overgrep, om at dei ikkje må vere redde for å gå rettens veg.

– Påverknaden desse videoen hadde på meg, er ulideleg. Det er ei stor påkjenning for kven som helst, særleg for nokon som meg, som kjempar mot vald mot kvinner kvar dag, sa Meloni.

Etterforskinga mot dei to mennene byrja i 2020. Videoen vart laga mens Meloni, som tiltredde statsministerposten i oktober 2022, framleis var i opposisjon.

Etter at ho vitna, utsette dommaren den vidare rettargangen til februar 2025.

(©NPK)

Italias statsminister Giorgia Meloni vitna onsdag mot to menn som blir klaga for å ha laga pornografiske deepfake-videoar av ho. Foto: Richard Drew / AP / NTB

Annonse