Grunneigarar protesterer på biogassplanar:
– Melsgjerdet er landet sin mest feilplasserte avfallsindustri
Grunneigarane Nils Olav Brekke, Olaug Harbak Brekke og Knut Brekke varslar motsegn til VØR sine planar om biogassanlegg. – Tomta vert heim til Noreg sitt mest feilplasserte avfallsanlegg, i ein trong dal om lag 2.000 meter frå eit lite bysentrum, skriv dei til Fylkesmannen.
Publisert: 17.09.2020 kl 07:00
– Vil VØR Ørsta vondt? Ikkje med eit ord er innbyggjarane og abonnentane sitt beste nemnt av VØR i søknaden, og heller ikkje i avisartiklar eller andre offentlege presentasjonar av sin nye store planlagde avfallsindustri er folket sine interesser vektlagd. VØR vil gjere Ørsta til Møre og Romsdal sin hovudstad for avfall, avføring og gass. VØR skriv om statlege grøne krav, miljøvern og klimagassar. Kva med rekneskapen, i Co2 og i kroner? Melsgjerdet er landet sin mest feilplasserte avfallsindustri. Kvifor? Fordi VØR ikkje fann anna tomt. Finn ei anna tomt! VØR vil ofre trivselen til innbyggjarane i Ørsta sentrum, og på Mo, Brekke, Brungot, Åmås, Årflot, Sporstøyl, Nossen, Mele og Ose. Og kanskje også utover langs fjorden når det store uhellet skjer, held grunneigarane fram.
– Motstanden mot VØR sine planar blant innbyggjarane i Ørsta ser ut til å auke. Og kanskje vaknar kommunestyret sine folkevalde også?
Vil klage til Miljødirektoratet
Grunneigarane er bebuarar innanfor Ørsta kommune si teoretiske luktsone på om lag 400 meter, og kommunen opplyser at ingen nye bustader er regulert der. Grunneigarane viser til at saka avslører mange sakshandsamingsfeil av Fylkesmannen og av kommunen si planavdeling ved avdelingsleiar for plan og miljø, Gunnar Wangen, og miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik.
No varslar grunneigarane gjenopptak av sin klage til Miljødirektoratet.
– Nytt utslepp frå avfallsanlegget med eit nytt vedtak om utslepp av takvatn gjennom neddykka utsleppsrøyr direkte i det nasjonale laksevassdraget er ikkje i samsvar med Miljødirektoratet sitt vedtak. Premissen for vedtaket er at alt overflatevatn skal gå til kommunalt nett. Dette er ein feil av Fylkesmannen som har fatta eit utvida utsleppsløyve i samråd med søkjaren VØR, utan varsling til grunneigarar og varslingspliktige partar etter Forureiningslova. Grunneigarar med fiskerett, alle brukarar av elva, Ørstavassdraget Elveigarlag og Ørsta Jeger og Fisk har ikkje vorte særskilt kontakta av kommunen og Fylkesmann, sjølv om dei er høyringspartar i saka. Er kommunens miljøvernrådgjevar høyrt i saka?
Grunneigarane refererer Stortingsproposisjon 32 kapittel 6: ‘Beskyttelsesregimet for nasjonale laksevassdrag og laksefjordar skal sikre villaksen ein særleg beskyttelse.’
– Fagansvarleg Anne Melbø og senioringeniør Gunnhild Liva Austvoll opplyser at dei tolkar naturmangfaldlova og vassforskrifta likt med VØR, som søkjer om direkte utslepp utan særlege vilkår for aktsemd for det nasjonale laksevassdraget. Bebuarane kan bli utsette for ulike typar forureining og fare. Store takflater vil samle til dels giftig industristøv frå produksjon, ventilasjon, lasting, lossing, biltrafikk, asfaltstøv, piggdekkstøv og dekkpartiklar, med meir, som forureinar elva. Eit biogassanlegg vil sjølvsagt leggje svarte støvlag på taket frå røykpipe og gassfakkel. Ved forventa brannar på anlegget vil giftig oske på taket ende i det nasjonale laksevassdraget.
Klagarane bed om at løyvet for utslepp av takvatn blir oppheva av Fylkesmannen, fordi takvatn på eit stort avfallsanlegg ikkje er reint regnvatn, men tidvis ureint og giftig.
– Kommunen står fram udemokratisk
Vidare meiner grunneigarane at dette prosjektet set dei næraste bebuarane i fare, og det trugar Ørsta sentrum med ulike typar forureining.
– At eit slikt prosjekt kan kome så langt i den offentlege søkjeprosessen, er eit resultat av medvite mangelfull informasjon om prosjektet sine farar og ulemper. Trass i omfattande konsulentrapportar ser vi eit medvite tilbakehald av uheldige miljøbelastningar og forbigåing av moglege store miljøskadar. Vi ser også manglande budsjettplan og informasjon til kommunepolitikarane og abonnentane, skriv grunneigarane, og held fram:
– VØR sin daglege leiar Petter Bjørdal er ein erfaren Arbeiderparti-politikar med lang fartstid i Ørsta kommune, og med kjennskap til både politikarar og kommunalt tilsette. Den kommunale planprosessen har vore kalkulert oppstykka for å unndra seg konsekvensanalyse. Kommunen sakshandsamar denne saka for sitt eige selskap ulikt andre plansaker. Ein kalkulert skrittvis planutviding er gjort, for å unngå alminnelege krav om konsekvensanalyse, og for å få med seg Fylkesmannen. Og så kan Fylkesmannen følgje opp med nye løyver som utslepp for takvatn, biogassanlegg og i neste omgang, forventa volumauke for avfall.
Grunneigarane har tidlegare varsla Fylkesmannen om denne kritikkverdige prosessen. Og Fylkesmannen har kritisert kommunen sin planprosess, men utan konsekvensar for VØR og eigarkommune.
– Vi viser til Lov om planlegging og byggjesaksbehandling § 1–8. Forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag, med særlege omsyn innanfor 100-metersbeltet. § 11–11 nr. 5. Innanfor 100 metersbeltet skal bestemte tiltak ikkje vere lov. Kommunen står fram udemokratisk og i mot lova sin intensjon om planlegging. Vi krev at Ørsta kommune si største industrisatsing ikkje lenger unndreg seg ei konsekvensanalyse. Ei slik utgreiing om konsekvensane skal vere grundig og truverdig for innbyggjarane og for kommunepolitikarane. Dette er eit krav vi vil forfølgje, om naudsynt heilt til landet si lovgjevande forsamling.
Overdriven optimisme i VØR og blant eigarane
Grunneigarane bed om at plansaka på Melsgjerde blir grundig studert av Fylkesmannen, Fylkeskommunen og andre overordna mynde.
– Vi trur ikkje det er lovleg å unndra seg grundige konsekvensanalysar for kommunens si store satsing på avfallsindustri. Det er planlagt samanslåingar og samling av regionale selskap på tomta som ikkje er medteke i denne søknaden. Dette er ein repetisjon av første søknad med taktisk stegvis løyvesøking for å unndra seg demokratisk styring og ansvarleg arealforvalting av sårbare område i Ørsta, skriv dei, og held fram:
– Mangelfull informasjon om miljøkostnader og økonomiske kostnader har skapt ein overdriven optimisme i VØR og hos eigarane, Volda og Ørsta kommune. VØR og kommuneadministrasjonen i Ørsta kan ha ført politikarane på ville vegar, og Fylkesmannen har latt seg bruke i dette spelet. Dei betalande abonnentane er gissel i saka med sitt pliktige abonnementsforhold. Ei forsert og forhasta brubygging utan godkjent plan, låste planprosessen og den politiske handsaminga. Politikarane såg ikkje konsekvensane. Kanskje har mangelfull informasjon til Fylkesmannens sakshandsamar blitt formidla vidare til Miljødirektoratet? Den potensielle skade på trivsel, miljø og natur i Ørstadalen og i Ørsta sentrum er stor og openberr.
Grunneigarane viser til at planane for biogassfabrikken er presentert for høyringspartane med ei ørlita skisse i fugleperspektiv.
– Er dette for skjule store industrihallar, 20 meter høge store tankar og ei over 30 meter høg industripipe for giftige utslepp, ein såkalla ‘fakkel’? Skal vi rekne med at planteikningane blir utvida nok ein gong i ein seinare søknad? Igjen er ikkje brannfare seriøst vurdert. Vi har tidlegare påpeika Fylkesmannen si plikt til å ta høgde for uhell, og det synest vi Fylkesmannen skal gjere. Avfallsanlegg brenn ofte! skriv grunneigarane, og viser til ei heil rekke saker.
Bed om konsekvensutgreiing og ny sakshandsamar
Kommunen si teoretiske luktsone er 400 meter, men ifølgje grunneigarane står lufta aldri stille i den smale dalen. Lukt og luft går anten oppstraums eller nedstraums–men mest mot sentrum.
– Kanskje klarer VØR å byggje industrihallar i pakt med teorien, men erfaring frå store avfallsanlegg andre stadar i landet seier at i praksis aukar luktlekkasjane. Det veit alle, men då står anlegget der. Og der ligg litt av bedraget mot innbyggjarane i Ørsta. Petter Bjørdal i VØR har frekkheit og mage nok til å skrive til Miljødirektoratet at nærleik til avfallsindustri vil auke verdien av eigedomane på grunn av urbanitet. Det er ikkje sant, og det viser manglande respekt for sakshandsamarane sin intelligens.
Grunneigarane viser til at det nye avfallsanlegget ikkje stort nok til konsekvensutgreiing. Det er heller ikkje biogassanlegget. Men det fordi framgangsmåten i saka er ei stegvis utviding, som etter kvart vil verte det største biogassanlegget mellom Bergen og Trondheim.
– Enno ein gong, sjølvsagt skal avfallsindustrien og biogassfabrikken på Melsgjerdet konsekvensutgreiast. Innbyggjarane i Ørsta er uroa og «Nei til biogassanlegg på Melsgjerdet i Ørsta» på Facebook har fått over 1.400 medlemmer på få dagar. Vi krev også at det innvilga avfallsanlegget skal konsekvensutgreiast, spesielt med omsyn til brann og giftige røykgassar.
Grunneigarane synest sakshandsaminga hos Fylkesmannen fram til dags dato står fram som overflatisk, uansvarleg og feilaktig. På bakgrunn av dei ovanfor nemnde forhold bed dei Fylkesmannen om ein ny sakshandsamar.
I tillegg til tidlegare nemnde klageinstansar som Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI), vil grunnleggjarane leggje saka fram for Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) og Sivilombodsmannen.