Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Chelsea-målvakt Edouard Mendy ser ikkje ut til å vere uroa over Manchester Citys nye stjernespiss Erling Braut Haaland.
bernt.harald.dysthe.brennevann@ntb.no/bent.tandstad@npk.no
Publisert: 13.07.2022 kl 12:43
– Eg ser på Haaland på same måte som eg ser på Benteke i Crystal Palace, for forskjellen på laga er ikkje så stor. Ein må vere fokusert, for begge to er spissar som kan skåre mål, seier Mendy, ifølgje Manchester Evening News.
Christian Benteke kom til Liverpool frå Aston Villa i 2015 for 477 millionar kroner, men greidde berre å skåre ti mål på 42 kampar for dei raudkledde.
– Eg gjer mykje forarbeid. Det handlar ikkje berre om éin spiss eller eitt lag, vi må fokusere på alle spissar og lag. Det handlar ikkje berre om Haaland, seier Mendy.
Den norske superspissen gjekk til Manchester City for 619 millionar kroner og har signert ein kontrakt som strekkjer seg til 2027.
Haaland skåra i alt 83 mål på 87 kampar for Borussia Dortmund før overgangen til City og Premier League.
Dagbladet omtalte saka først i Noreg.
(©NPK)
Edouard Mendy samanliknar Erling Braut Haaland med Christian Benteke. Foto: Dave Thompson / AP / NTB