Klargjør siden...

Mennene vidare i sandvolleyball

(NPK-NTB): Noregs mannlege sandvolleyballspelarar fekk ein god start på OL-kvalifiseringa i Stavanger. Finland blei slått i to strake kampar, og Noreg er klar for kvartfinale mot Belgia.

Morten Kvamsdal og Christian Sørum var først ut. Dei vann 2– 0 (21-19, 28-26) over Santeri Siren/Miro Määttänen i ein kamp som varte 38 minutt. Finnane avverja sju matchballar, men måtte til slutt gi tapt for overmakta.

Deretter viste Iver Horrem/Geir Eithun seg fram og slo Pekka Piippo/Jyrka Nurminen 2– 0 (21-14, 21-15). Dermed tok Noreg seg over det første hinderet i kvalifiseringa.

– No har vi fått unna det verste, nemleg den første kampen. Heldigvis spelte vi veldig bra og hadde full kontroll heile vegen, sa Horrem til nettstaden til turneringa.

Kvartfinalane blir spelte fredag. Då møter Noreg Belgia.

– Det er vinn eller forsvinn heile vegen. Vi må berre førebu oss så godt vi kan og gå på med full energi, sa Eithun.

Kvamsdal/Sørum møter Bob Douwen/Robin Adriaensen fredag, medan Horrem/Eithun møter Dries Koekelkoren/Tom van Walle. Belgiarane trengde torsdag tre kampar for å slå Hellas i åttedelsfinalen.

Onsdag rauk dei norske kvinnene ut med to strake tap i åttedelsfinalen mot Ukraina. OL-draumen deira er dermed knust. (©NPK)

Annonse