Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Menneskerettsorganisasjon slått konkurs

(NPK-NTB): Menneskerettsorganisasjonen GNRD, som i juni blei sikta for kvitvasking og heleri av Økokrim, er slått konkurs.

Konkursen mot menneskerettsorganisasjonen GNRD (Global Network for rights and Development) blei opna måndag etter kravet frå ein tidlegare arbeidstakar, skriv Stavanger Aftenblad.

GNRD-leiar Loai Deeb, som er sikta av Økokrim for kvitvasking av over hundre millionar kroner, har ikkje betalt lønn til tilsette. Sjølv nektar han for å ha gjort noko gale, og har i pressemeldingar lagt skulda på Økokrim.

Arbeidstakar Thomas Bechmann hevdar at organisasjonen skuldar han nesten 250.000 kroner for manglande lønn, feriepengar og seinkingsrenter frå 15. januar i år.

– Vi fekk beskjed heile tida om at pengane kom neste veke, så neste veke, så neste veke, seier Bechmann til avisa.

GNRD som blei grunnlagt i 2008 har hovudkontor i Stavanger, men organisasjonen har også samarbeidspartnarar i Austerrike, Belgia, Jordan, Spania, Sudan og Sveits, Dei foreinte arabiske emirat og Zambia.

Organisasjonen skal tidlegare ha hatt 35 tilsette i Noreg, og om lag 65 tilsette skal ha vore i arbeid i andre land. (©NPK)