Klargjør siden...

Messi tangerte VM-rekord – 25. kamp i sluttspel

Lionel Messi speler tysdag kveld sin 25. VM-kamp og har dermed tangert tyske Lothar Matthäus' rekord for talet på kampar i verdsmeisterskapen.

Messi starta som vanleg som spiss for Argentina i semifinalen mot Kroatia. Han vil overta rekorden åleine med spel i finale eller bronsekamp i Qatar kommande helg.

Den argentinske stjernespelaren har skåra fire mål tidlegare i VM og vore heilt sentral for laget på vegen til semifinalen mot kroatane.

Argentinarane har gjort to endringar i laget som slo Nederland i kvartfinalen. Nicolás Tagliafico og Leandro Paredes er inne i startellevaren for Marcos Acuña (suspendert) og Lisandro Martínez.

Kroatias ellevar frå kvartfinalesigeren over Brasil er uendra.

I den andre VM-semifinalen onsdag møtest Frankrike og Marokko.

(©NPK)

Annonse