Meta til vêrs etter kvartalsrapport – fleire IT-resultat i vente

Aksjekursen til Facebook-eigar Meta gjorde eit byks etter resultatframlegginga onsdag. Torsdag kjem det ferske talet frå Amazon, Apple og Google.

Sjølv om Metas overskot er meir enn halvert det siste året, var nedgangen mindre enn venta. Torsdag formiddag hadde aksjekursen til selskapet stige med heile 27 prosent på børsen i New York.

Dei siste vekene har det vore oppseiingsrundar utan sidestykke i ein bransje som tidlegare har vist seg motstandsdyktig mot usikre økonomiske tider. Nedturen kjem etter kraftig vekst under pandemien, då mange flytta både arbeidsliv, shopping og underhaldning over til digitale plattformer.

Som venta melde Meta onsdag om lågare sal i fjor. Det er første gong omsetninga har falle på årsbasis sidan selskapet gjekk på børs i 2012. Marknaden reagerte likevel positivt, og Facebook-sjef Mark Zuckerberg forsikra investorane om at framtida ser lys ut.

Det er venta at også Googles eigarselskap Alphabet vil leggje fram tal som viser tilbakegang i annonsesalet. Det vil i så fall vere andre kvartal med salsnedgang sidan børsnoteringa i 2004.

Også Amazon er venta å fortelje om svakare sal. Sist månad varsla selskapet ein oppseiingsrunde der over 18.000 tilsette mistar jobben.

Apple er den einaste av IT-gigantane som så langt ikkje har varsla masseoppseiingar. Det er venta at dårlegare Iphone-sal vil påverke resultatet, og investorane vil sjå nøye etter korleis strenge koronatiltak i Kina, der brorparten av produksjonen går føre seg, har påverka salet.

(©NPK)

Facebook-eigar Meta storma fram på børsen torsdag, trass i at overskotet i førre kvartal var under halvparten av resultatet for eitt år sidan. Torsdag kjem fleire IT-gigantar med kvartalsrapportane sine. Arkivfoto: Michael Dwyer / AP / NTB