Klargjør siden...

Meteorologane varslar storm på Vestlandet og i Trøndelag

(NPK-NTB): Meteorologisk institutt åtvarar om full storm på Vestlandet og i Trøndelag onsdag. Også i Oppland er det venta full storm i fjellet.

På Vestlandet sør for Stad blir det liten til full storm på kysten og i fjellet, skriv Meteorologisk institutt i eit OBS-varsel. Det kan komme lokale kast på 25– 30 meter i sekundet i låglandet, og instituttet åtvarar om snøfokk og vanskelege køyreforhold på fjellovergangane.

Også i fjella i Møre og Romsdal og Trøndelag blir det sterk vind onsdag, med liten til full storm. Også her blir det åtvara om vanskelege køyreforhold på fjellovergangane, og det er fare for snøfokk.

I fjella nord i Oppland blir det også i periodar full storm onsdag. Vinden vil halde seg utover torsdagen, men gradvis minke frå og med torsdag kveld. (©NPK)

Annonse