Annonse

Mette-Marit skal gå delar av Kystpilegrimsleia

Kronprinsesse Mette-Marit skal gå delar av Kystpilegrimsleia. Ho startar ferda frå Egersund kyrkje 23. april.

– Frå dette utgangspunktet vil kronprinsessa halde fram reisa si gjennom landskap og på stiar som har vore vandra igjennom generasjonar, og oppleve dei historiske, kulturelle og naturskjønne skattane som finst langs ruta, skriv kongehuset.

Dei opplyser ikkje kor langt ho skal gå.

Kystpilegrimsleia er éin av elleve pilegrimsleier i Noreg, som alle har Nidarosdomen som mål. Totalt er det 26 etappar mellom Egersund og Trondheim på totalt 1028 kilometer.

(©NPK)

Kronprinsesse Mette-Marit skal gå delar av Kystpilegrimsleia. Ho startar i Egersund 23. april.
Foto: Lise Åserud / NTB / NPK