Annonse

Michael Jordan gir 16 millionar kroner til orkanoffer

Den amerikanske basketballegenda Michael Jordan vil gi over 16,3 millionar kroner til offera etter herjingane til orkanen «Florence».

55-åringen eig NBA-klubben Charlotte Hornets og voks opp i byen Wilmington i Nord-Carolina. Byen var ein av dei mest utsett under herjingane i førre veke.

Over 120.000 menneske hadde forlate byen då «Florence» trefte USAs austkyst sist fredag.

- Det treffer deg personleg. Eg kjenner alle desse stadene, Wilmington, Fayetteville, Myrtle Beach, New Bern og Wallace, der far min kjem frå. Eg tenkte at det kanskje var noko eg kunne bidra med, sa Jordan, som donerer bort 2 millionar dollar.

Ifølgje dei førebelse skadeoverslaga har orkanen kosta minst 32 menneskeliv og øydelagt verdiar for nærmare 140 milliardar kroner (17 milliardar dollar).

(©NPK)

Fleire hundre tusen måtte forlate heimane sine under orkanen «Florences» herjingar. Den tidlegare basketballstjerna Michael Jordan bidrar med 2 millionar dollar. Foto: Mike Hensdill / The Gaston Gazette via AP / NTB scanpix