Microsoft kjøper LinkedIn

(NPK-NTB-TT-DPA): IT-giganten Microsoft kjøper det sosiale yrkesnettverket LinkedIn i ein avtale som er verdt 217 milliardar norske kroner, stadfestar selskapa måndag.

Jeff Wiener vil halda fram som konsernsjef for LinkedIn, og vil rapportera direkte til administrerande direktør i Microsoft, Satya Nadella.

– LinkedIn har vakse seg til ei fantastisk verksemd med å sameina fagfolk verda rundt, seier han i ei pressemelding.

Prisen blir opplyst å vera 196 dollar (1.608 kroner) per aksje, i ein transaksjon som verdset LinkedIn til 26,2 milliardar dollar (217 milliardar kroner). Avtalen er venta å bli sluttført i år.

Aksjeprisen på LinkedIn steig med 48,5 prosent etter kunngjeringa, medan Microsoft hadde ein nedgang på 0,4 prosent.

Ifølgje E24 er oppkjøpet det største i Microsofts historie, der den førre rekorden blei sett då IT-giganten slukte Skype for 8,5 milliardar dollar i 2011. (©NPK)