Microsoft melder at problema er løyste

IT-giganten Microsoft melde onsdag om problem knytte til Teams, Outlook og andre programvarer i 365-serien, men at desse no skal vere løyste.

Problema påverka fleire av Microsoft 365-tenester, som mellom anna inkluderer e-posttenesta Outlook, kommunikasjonsplattforma Teams og skyplattforma Azure.

Onsdag ettermiddag opplyste Microsoft at alle deira skybaserte tenester var oppe og gjekk igjen.

Ifølgje Azure var det berre brukarar i Kina som ikkje vart ramma av feilen.

Teams blir brukt av over 280 millionar menneske globalt, mellom anna på skular og i mange typar bedrifter.

Azure har 15 millionar bedrifter som kundar og rundt 500 millionar aktive brukarar, ifølgje Microsoft.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto av hovudkvarteret til Microsoft i Paris: Thibault Camus / AP / NTB

Annonse