Annonse

Microsoft-svindlarar lurer til seg mykje større beløp

(NPK-NTB): Norsk Senter for Informasjonssikring åtvarar om ein eksplosiv auke i nettsvindel, og svindlarane lurer til seg mykje meir enn før.

Microsoft-svindelen går ut på at ein blir ringt opp av ein Microsoft-teknikar som skal hjelpe deg med eit problem på PC-en din, før svindlaren bruker opplysningane han får til å stele pengar frå bankkontoen din.

– I fjor låg det på rundt 3.000 kroner per tilfelle, i år er kostnaden 50.000 kroner per tilfelle, fortel Roger Johnsen, direktør for Norsk Senter for Informasjonssikring (NorSIS), til NRK.

Svindelen er eit døme på såkalla nettbanksvindel, som ifølgje ein rapport frå Finanstilsynet i vår er seksdobla i omfang til over tre millionar kroner det siste året. Også svindel ved netthandel er dobla sidan 2013 til 188 millionar.

Johnsen og NorSIS ser same tendens, utan at dei kan gje konkrete tal på omfanget.

– Men for å gi eit lite inntrykk, så sit vi og handterer meldingar frå bedrifter og innbyggjarar kvar einaste dag, seier han til rikskanalen.

Økokrim la i vår ut ei åtvaring på sine nettsider som bad nordmenn vere på vakt mot nettsvindel, og lenka til skildringar av dei vanlegaste svindlane. (©NPK)

Annonse