Klargjør siden...
Annonse

Middels opning for Viktor Hovland i PGA-meisterskapen – første runde på par

Viktor Hovland fekk ein start på det jamne i den amerikanske PGA-meisterskapen i golf. Han gjekk den første runden på par etter ein birdie og ein bogey.

Han var blant dei som starta første runde i majorturneringa i Tulsa på 10. hol. Han spelte stort sett solid, men hadde ikkje centimetrane på si side i jakta på birdiar.

Etter ti strake par kom dagens første birdie på 2. hol. Putten gjekk i holet frå om lag seks meter.

To hol seinare måtte han tole ein bogey. Etter eit dårleg utslag valde han å droppe ballen og pådrog seg dermed eit straffeslag. Forsøket på å berge par frå nesten 15 meter lykkast ikkje.

Ville ikkje inn

På første halvdel var han særleg nær birdie på 11. hol, men ballen ville ikkje i holet. Hans beste putt på den halvdelen av runden leverte han på 15. hol, der han først spelte seg inn i trøbbel og så ut til å få bogey, men berga par med ein lang putt.

På 5. hol missa han ein kort birdieputt, men han revansjerte seg ved å senke ein vanskeleg putt på 6. hol då han var i fare for å få ein ny bogey.

Hovland enda til slutt på ein delt 27.-plass då alle 156 spelarar hadde fullført opningsrunden.

McIlroy i tet

Rory McIlroy kom best ut av første runde. Nordiren leverte ein 65-runde, fem slag under par, og enda eitt slag framfor Will Zalatoris og Tom Hoge.

Tiger Woods starta bra og var to under par etter fem spelte hol, men han fekk trøbbel etter kvart og enda fire slag over par etter heile sju bogeyar. Det gav han ein delt 99.-plass.

(©NPK)

Viktor Hovland gjekk første runde i PGA-meisterskapen på par. Foto: Matt York / AP / NTB

Annonse