Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Konfrontasjon med russiske styrkar i Syria vil få heilt andre konsekvensar for Noreg enn for andre land, seier Midtausten-forskar Cecilie Hellestveit.
npk@npk.no
Publisert: 22.06.2016 kl 16:56
Stortinget gav onsdag klarsignal til at norske spesialstyrkar skal kunne delta i kampen mot ekstremistgruppa IS på syrisk territorium. Noreg skal samarbeide med amerikanske, britiske og franske styrkar, men det er uvisst kva opprørarar som skal få nyte godt av den norske militærstøtta. Russland støttar president Bashar al-Assad.
– Noreg er eitt av svært få Nato-land som har felles grense med Russland, poengterer Hellestveit overfor VG.
– Å hamne i direkte konfrontasjon med Russland i Syria vil få heilt andre konsekvensar for Noreg enn for til dømes Danmark eller Storbritannia, seier ho. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.