Annonse

Mikkelsen og Holm tekne ut på U21-landslaget

Vålerenga-talentet Odin Thiago Holm (19) er inkludert i U21-troppen til landslaget for første gong. Han har teke Eliteserien med storm den siste tida.

Måndag var han på trenar Leif Gunnar Smeruds liste over namn som skal møte Sveits og Spania i treningskampar.

Holm har slite med skadar i ein periode, men den siste tida har han vore heilt sentral for eit Vålerenga-lag som har vore i svært god form. Holm har spelt aldersbestemde landskampar for Noreg på alle alderstrinn frå G15 og oppover. Han står oppført med éin landskamp for G19-laget.

Også Tromsøs August Mikkelsen får sjansen.

Mikkelsen har levert fem mål og fire målgivande pasningar for Tromsø i Eliteserien denne sesongen. Han skåra nyleg to mål i 4-3-sigeren over Rosenborg, og mot Bodø/Glimt søndag skåra han på eit fantastisk frispark, men måtte gå av til pause. Likevel er han klar for spel.

U21-laget har kvalifisert seg til EM til sommaren neste år.

(©NPK)

Vålerengas Odin Thiago Holm jublar for mål mot Kristiansund i helga.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Annonse