Annonse

Milan kan bli fråtekne europaligaplass

Raude rekneskapstal kan koste Milan spel i Europaligaen. Den italienske klubben har ikkje halde reglane om økonomisk fair play dei tre siste sesongane.

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) har avvist Milans forslag frå desember om ein avtale. I vekene som kjem risikerer «Rossoneri» å bli kasta ut av Europaligaen neste sesong. Milan kvalifiserte seg for gruppespelet ved å bli nummer seks på Serie A-tabellen.

- Avgjerda til Uefa overraskar meg og gjer meg bitter. Vi skal sjå på dei juridiske sidene av det, for denne avgjerda gjer stor skade på ryktet til klubben, seier Milan-direktør Maro Fassone.

Uefa stiller seg undrande til Milans evne til å betene lån på 300 millionar euro (2,8 milliardar kroner). Etter planen skal pengane tilbakebetalast til eit amerikansk hedgefond i oktober. Milans kinesiske klubbpresident Li Yonghong står som garantist.

Li kjøpte Milan frå Silvio Berlusconi i april i fjor.

(©NPK)

Nikola Kalinic og Patrick Cutrone jublar for scoring i 5-1-sigeren over Fiorentina. Resultatet sikra klubben ein plass i neste sesongs europaliga, men no er det usikkert om Milan får delta. Foto: Antonio Calanni / AP / NTB scanpix