Klargjør siden...

Miljøaktivistar trengde seg inn i regjeringsbygg i Stockholm

(NPK-NTB): Fleire miljøaktivistar tok seg inn i eit regjeringsbygg i Stockholm onsdag og skal ha brukt vald mot to sikkerheitsvakter.

Fire personar vart arresterte etter å ha tatt seg forbi sikkerheitsvaktene og inn i den svenske regjeringas hovudkvarter Rosenbad i Stockholm.

Fleire sikkerheitsvakter skal ha blitt utsette for vald i tumultane som oppstod.

– Dei vart utsette for vald frå to personar, seier Stockholm-politiets talskvinne Towe Hägg.

Ifølgje Expressen vart to aktivistar raskt gripne, mens andre tok seg opp på taket av bygninga. Der rulla dei ut eit banner med teksten «La kolet liggje». Banneret er også pryda av partilogoane til Miljöpartiet og Socialdemokraterna.

– Dialog går føre seg med personane på taket, for å få dei til å komme ned, melde politiet klokka 10.35. Eit kvarter seinare var aksjonen avblåst.

– Personane på taket har no komme ned og totalt fire personar er gripne. Ingen vakter er skadde, heiter det i ei pressemelding frå politiet i Stockholm.

Rosenbad på Norrmalm i sentrum av Stockholm husar blant anna kontora til den svenske statsministeren, justisministeren og migrasjonsministeren. (©NPK)

Annonse