Annonse

Miljøorganisasjonar meiner mineralverksemd på havbotnen er uforsvarleg

Etter at regjeringa gjekk ut og opna for mineralutvinning på havbotnen, går fleire miljøorganisasjonar ut mot forslaget.

Regjeringa meiner leiting og utvinning av havbotnmineral kan bli viktig i det grøne skiftet, med mineral som kan nyttast i solcellepanel og batteri. Til våren ønskjer dei å opne for leiting.

Ein brei allianse av miljøorganisasjonar åtvarar i eit felles høyringsinnspel om at konsekvensane av både leiting og utvinning er uante. Dei meiner ein risikerer ein mogleg miljøkatastrofe.

– Vi ser på denne prosessen med stor bekymring. Det er rett og slett uforsvarleg å opne opp for mineralverksemd utan meir kunnskap på bordet, seier Kathrine Sund-Henriksen, dagleg leiar i nettverket Forum for utvikling og miljø (Forum).

WWF Verdsnaturfondet, Naturvernforbundet, Framtiden i våre hender, Sabima, Greenpeace, Besteforeldrenes klimaaksjon, Natur og ungdom, Miljøstiftelsen Bellona og World Saving Hustle er nokre av organisasjonane som står bak det felles høyringsinnspelet.

(©NPK)