Milliongåve til brannvesenet

(NPK-NTB): Gjensidigestiftelsen gir 350 millionar kroner til styrking av brannvesenet i Noreg gjennom prosjektet Det store brannløftet.

Pengane skal blant anna brukast på 37 køyretøy verd 190 millionar kroner, brannførebyggjande tiltak og kompetanseheving, skriv stiftinga i ei pressemelding.

– Gjennom Det store brannløftet finansierer vi konkrete prosjekt innan kompetanseheving, førebygging, forsking og utvikling, og tildeling av materiell, seier administrerande direktør i stiftinga Unn Dehlen.

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) tok imot gåva på vegner av brannvesenet.

– Dette er ei fantastisk flott gåve som vil skape større tryggleik i kvardagen, og ei gåve som utvilsamt vil ha stor betydning for samfunnstryggleiken og beredskapen, seier Anundsen i ei (©NPK) pressemelding.