Klargjør siden...

Millionverdiar stolne i to «sjokkbrekk» i Stavanger

(NPK-NTB): I helga er to forretningar i Stavanger-området utsett for svært like innbrot.

Natt til laurdag tømde tjuvar ein Expert-forretning på Forus for opp mot hundre laptopar etter å ha køyrd ei stolen kassevogn gjennom ein av portane inn til butikklokalet.

Natt til måndag skjedde det same mot ei fotoforretning i sentrum av Stavanger. Tjuvane fekk med seg varer for fleire millionar kroner frå Stavanger Foto nær Romsøegården. Også her vart same metode brukt, ein stolen bil vart køyrd gjennom inngangspartiet. Politiet har hand om begge køyretøya som vil bli gjenstand for tekniske undersøkingar.

– Dette liknar veldig på sjokkbrekket som var i Expert-butikken på Forus natt til laurdag. Det er også uoppklart, men framgangsmåten er den same, seier operasjonsleiar Tor Helge Stavik i Sør-Vest politidistrikt til NTB natt til måndag.

Eigaren av forretninga i Stavanger sentrum har anslått at det er tatt varer for opp mot eit par millionar kroner frå fotobutikken.

– Det dreier seg om kamerahus og linser. Det er visst veldig spesielt utstyr som har forsvunne, seier Stavik.

Politiet reknar med at gjerningsmennene har forsvunne frå staden i ein annan bil.

– Vi tenkjer både på mobile vinningskriminelle og lokale gjerningsmenn. Vi må sjekke ut dette litt meir, men held førebels alle moglegheiter opne, seier operasjonsleiaren. (©NPK)

Annonse