Klargjør siden...

Minneprotokoll for Elie Wiesel

(NPK-NTB): I samband med bortgangen til Elie Wiesel har Nobels Fredssenter lagt ut ein minneprotokoll.

For å minnes fredsprisvinnaren som døydde laurdag har Nobels Fredssenter lagt ut ein minneprotokoll som både er å finne i deira lokale i Oslo, og digitalt på nettsidene til senteret.

Den jødiske forfattaren og menneskerettsaktivisten som overlevde holocaust, fekk Nobels fredspris i 1986 for sin kamp mot vald, undertrykking og rasisme.

– Wiesel var ein stor inspirator i kampen mot likegyldigheit. Han lærte oss at vi ikkje kan sitte stille og sjå på at menneske blir undertrykt utan sjølv å bere noko av ansvaret for undertrykkinga, seier Fredssenterets direktør Liv Tørres. (©NPK)

Annonse