Minoritetskvoten på journaliststudiet blir ikkje opp fylt

Unge med minoritetsbakgrunn søkjer seg først og fremst til tradisjonelle statusyrke. Journalistikk er ikkje blant desse yrka.

Oslomet har ein minoritetskvote på journalistikkstudiet der 5 av dei 70 studieplassane er reserverte studentar med minoritetsbakgrunn, skriv Universitas.
–⁠ Vi har slite med å fylle kvoten, og då har det vorte diskutert å fjerne han, seier Anders Graver Knudsen, førstelektor i Journalistikk ved Oslomet.
Knudsen trur det er for dårleg kommunisert at Journalistikk på Oslomet har ein minoritetskvote. Kadafi Zaman, som er krimjournalist i TV 2, seier bransjen er i endring.
–⁠ Eg trur framleis at minoritetsungdom vel tradisjonelle og trygge profesjonsyrke som medisin fordi det gir ein større tryggleik enn journalistikk, men bransjen er i forandring, og det kjem stadig fleire journalistiske førebilete som kan vise veg for minoritetsungdom seier Zaman til Universitas.
Zaman stadfestar at det er utfordringar som journalist med minoritetsbakgrunn, men han argumenterer likevel for at det er mange
fordelar. –?? Eg har fått ein tillit og tilgang til miljø som andre journalistar ikkje har fått. Fordi eg pratar urdu og har fleirkulturell kompetanse, seier han.

(©NPK)
Journalistutdanninga ved Oslo Met klarer ikkje å fylle minoritetskvoten. Foto: Berit Roald / NTB