Ledig stilling publisert: 12.09.2023 kl 14:09

Arbeidsstad:
Volda
Kontaktperson:
Marius Søvik
Tlf: 476 47 635
Tittel: Leiar PM Direkte, Volda
Kunderådgjevarar PM Direkte i Volda
PM Direkte er hjartet i SpareBank 1 SMN, og grunnsteinen for at vi skal lykkast med å vere ein relasjonsbank med personleg, tilpassa rådgjeving og knallgode kundeopplevingar.
Vi søker no nye kunderådgjevarar til vårt team i Volda!
Hos oss vil du få eit skreddarsydd opplæringsløp – vi ønsker at du skal lykkast som rådgjevar og gjere deg attraktiv for ei karriere i regionen sitt leiande finanskonsern!
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Ta mot inngåande servicehenvendingar frå kundar som opplever utfordringar knytt til daglegbank som for eksempel innlogging i nettbank, kort og konto o.l.
- Økonomisk rådgjeving over telefon, chat og e-post – der du har fokus på å finne gode løysingar i lag med kunden tilpassa deira livssituasjon og framtidsplanar innan fagområda forsikring, lån, sparing og pensjon
Kva ser vi etter?
- Gjerne har utdanning innan økonomiske og/eller administrative fag
- Har erfaring frå kunderetta arbeid - gjerne frå kundeservice eller rådgjeving
- Har eit ønske om å bli en del av eit miljø der rask respons, kundeservice og rådgjeving via telefon, chat og e-post står sentralt
- Er positiv, lærevillig, god på samarbeid og fleksibel
Vår visjon
Vi kan berre lykkast saman med andre: med kollegaer, kundar, leverandørar, partnarar andre gode krefter lokalt og regionalt. Vi skal bygge relasjonar og vere på lag. Visjonen vår handlar om å skape energi, resultat, endring og utvikling.
Saman får vi ting til å skje
Kvifor jobbe hos oss?
- Ein kultur prega av meistring, engasjement, vilje til kontinuerleg forbetring og utvikling, læring og deling av beste praksis
- Karrieremoglegheiter i eit konsern med fokus på intern rekruttering - stor nok til at det er mange moglegheiter internt – liten nok til at ein blir lagt merke til.
- Spesielt gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode lånevilkår på både bustad og bil i vår eigen personalbank
- Moglegheit til å bli medeigar i SpareBank 1 SMN gjennom eige tilsettprogram
- Tilgang til firmahytter, sosiale arrangement og aktivitetar
- En arbeidsgjevar som er eigd av lokalsamfunnet – og som er opptatt av å gi tilbake til samfunnet og gjere Sunnmøre og Fjordane til ein betre stad å bu for oss alle
- En arbeidsgjevar som er opptatt av mangfald, inkludering, sosialt ansvar og berekraft: https://www.sparebank1.no/nb/smn/om-oss/barekraft.html
Dersom dette høyres interessant ut, oppmodar vi deg til å søke. Ved spørsmål, ta kontakt med leiar PM Direkte, Volda Marius Søvik på tlf. 476 47 635 eller Leiar Daglegbank og kundeleveransar, Geir Olav Aalberg på tlf. 977 76 684.
PS! Vi inviterer fortløpande til intervju, så ikkje nøl med å sende inn søknad!
Søknadsfrist er sett til 30.9.2023.
NB! Vi gjer merksam på at det for enkelte stillingar hos SpareBank 1 SMN kan bli aktuelt å innhente ytterlegare informasjon om deg som kandidat. Vi utfører kredittsjekk ved sakleg grunn, og for enkelte stillingar ber vi om politiattest i høve i heimel i lov om finansforetak og lov om forsikringsformidling samt stadfesting frå Brønnøysundregistrene om at arbeidstakar ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Tilsettinga er avhengig av at det ikkje oppdagast forhold som er til hinder for utøving av stillinga.

Sparebank1 SMN
SpareBank 1 SMN-konsernet
Vi er Midt-Norges ledende finanskonsern og hjelper privatpersoner og bedrifter med det meste innen bank, regnskap og eiendomsmegling. Hovedkontoret vårt ligger i Trondheim, og konsernet har omtrent 1750 ansatte. I 2023 feirer vi 200 verdifulle år.
Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.