Ledig stilling publisert: 23.01.2024 kl 11:24

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Håvard Strand
Tlf: 91341695
E-post: Send e-post
Tittel: Konst. avdelingsleiar skule

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

Ingen

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Rektor ved Volda ungdomsskule

Frå 01.08.2024 er det ledig 100 % stilling som rektor ved Volda ungdomsskule.

Volda ungdomsskule har omlag 320 elevar, fordelt på 3 steg og fire parallellar og kring 55 tilsette. Ressursen til leiing er fordelt på rektor og to assisterande rektorar. Frå 01.08.2024 vil dei to assisterande rektorane få personalansvar. I tillegg har skulen andre administrative ressursar, mellom anna merkantil stilling. Volda ungdomsskule er ein praksisskule med eit sterkt og tradisjonsrikt samarbeid med Høgskulen i Volda.

Nytt og moderne skulebygg vart teke i bruk dette skuleåret.

Volda kommune har sju grunnskular. Rektorar og assisterande rektorar er med i leiaropplæring, og har eit leiarforum med møte kvar månad. Volda samarbeider og i høve leiaropplæring med andre kommunar på Søre-Sunnmøre gjennom Sjustjernasamarbeidet.

Saman med barnevern, helsestasjon, barnehage, vaksenopplæring og kulturskule, er grunnskuledrifta ein del av sektor oppvekst i Volda kommune.

Visjonen til sektor oppvekst er "Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer" . Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren. For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette som er til støtte for barn og ungdom i utviklingsprosessen. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege. Dei må kunne bidra til eit anerkjennande miljø som gir grobotn for vekst og utvikling for elevane. I alt vårt arbeid mellom barn og unge skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik og sosialt tilhøyr. Alle våre born og unge skal ha like mogelegheiter til å utvikle evnene sine.

Vi søker etter deg som har lyst, evne og kraft til å vidareutvikle Volda ungdomsskule. Den som vert tilsett må ha evne og vilje til å utvikle seg sjølv og dei tilsette på skulen mot felles mål i eit lengre perspektiv.

Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med Volda kommune sine verdiar:

RAUS – MODIG – LÆRANDE - KOMPETENT

Sektor oppvekst er ein lærande organisasjon. Erfaringsdeling og kunnskaps- og ferdigheitsutvikling har stor merksemd. I alle einingane arbeider vi med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse. I botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse mellom våre tilsette. I Voldaskulen er vi inne i ulike satsingar. Lesing og eit trygt og godt læringsmiljø er to av desse satsingsområda. Elevane på ungdomstrinna i kommunen har eigen Chromebook til bruk i læringsarbeidet. Å ha kompetanse og erfaring i å drive utviklingsarbeid i ein lærande organisasjon er ein fordel. Vi søker etter ein person som kan vere med å leie skulen mot våre mål.

Rektor rapporterer til avdelingsleiar skule.

Arbeidsoppgåver

  • Fag,- økonomi,- personal- og resultatansvar
  • Leiar og pådrivar for utvikling innanfor gjeldande lovverk, sentrale føringar, kommunale vedtak, internkontroll og målsettingar
  • Leiaroppfølging av dei tilsette
  • Utvikling og gjennomføring av fagleg kvalitet på skulen
  • Leie ei avdeling i endring og utvikle kompetansen til dei tilsette
  • Samhandling med andre tenesteområde i sektoren samt andre interne og eksterne aktørar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent grunnskulelærarutdanning, eller annan høgare utdanning som gir skulefagleg og pedagogisk kompetanse
  • Bør ha vidareutdanning innan leiing, eller forplikte seg på å tileigne seg slik kompetanse innan tre år
  • Røynsle frå leiing innan grunnskuleområdet
  • Røynsle frå prosjektleiing og utviklingsarbeid
  • Gode dugleikar og kunnskap om digitale verkty, og vere pådrivar i digitalt utviklingsarbeid
  • God økonomisk forståing
  • God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk

Personlege eigenskapar

  • Strategisk og visjonær
  • God rolleforståing
  • Tydeleg og god til å kommunisere
  • Gode samarbeidsevner – lyttar aktivt, anerkjenner og involverer andre sine perspektiv
  • Stor arbeidskapasitet
  • Løysingsorientert
  • Utviklingsorientert

Saman med formal- og realkompetanse vert dei personlege eigenskapane, god munnleg og skriftleg framstillingsevne og digital kompetanse lagt stor vekt på.

Vi tilbyr

  • Ei spanande og utfordrande stilling med høve til å prege skulen
  • Deltaking i kommunalt nettverk
  • Høve til etterutdanning/fagleg oppdatering
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning med lånemogelegheiter
  • Løn etter avtale

Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.2.

Kommunen nyttar nynorsk som målform. CV må fyllast ut i søknaden.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Det er avsett tid til intervju 12. og 15. februar 2024. Referansar vil verte nytta. Ved intervju skal det leggast fram rettkjende kopiar av vitnemål og attestar.

Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som kjem fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg

Prøvetida er 6 mnd.

Om offentlege søkjarliste

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.