Ledig stilling publisert: 06.02.2024 kl 13:11

Arbeidsstad:

Kontaktperson:


Tlf:

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

17.03.24

Ferievikarar i helse og omsorg

Volda kommune treng ferievikarar i institusjonstenesta, på sentralkjøkkenet, på Fjordsyn og Barstadtun omsorgsbustadar, i Bu og habilitering, i Heimesjukepleia, og i Rus og psykisk helseteneste.

Rus og psykisk helseteneste

I tidsrommet 17. juni - 20. august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar i avdelinga vår. Vi treng vikarar ved Myra bufellesskap og i våre ambulerande tenester.

Sentralkjøkken

I tidsromet juni til medio august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar. Vi søkjer etter ferievikarar retta mot arbeid som assistent/kokk ved sentralkjøkkenet ved Volda omsorgssenter.

Heimesjukepleia

I tidsrommet 17. juni - 11. august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar i heimesjukepleia i Volda kommune. Vi treng vikarar ved personalbasen i Volda sentrum (gruppe 1 og 2) og i Hornindal (gruppe 3). Vi treng også vikarar ved Folkestadtun omsorgsbustadar.

Bu og habilitering

I tidsrommet 17. juni - 11. august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar i Bu og habilitering i Volda kommune. Vi treng vikarar ved Sevrinhaugen 1 og 3, Kleppevegen/ Doktorhaugen, Bømarka/ Schjelderup, og ved Verslavegen 2 i Hornindal. Ved Blåbærhaugen treng vi også vikarar til ulike bu- og avlastningstiltak for barn og unge med utviklingshemming. Det er i tillegg behov for vikarar i dagtilbodet ved Hamna dagsenter.

Fjordsyn og Barstadtun omsorgsbustadar

I tidsrommet juni til medio august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar ved Barstadtun eller Fjordsyn omsorgsbustadar for eldre. Barstadtun har 25 hyblar/ leiligheiter fordelt på tre bugrupper. På Fjordsyn bur det 32 personar fordelt på tre bugrupper.

Institusjonstenesta

I tidsrommet 17 juni - 11 aug kan vi tilby inntil 100 % stilling som ferievikar i avdeling Institusjon. Vi treng vikarar på desse seksjonane: Selje-/Hasletunet, Pile-/Kleppetunet, Otta-/Karvestova og Korttidsseksjonen på Volda Omsorgssenter og på Hornindal Omsorgssenter.

Trykk her for meir info

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.