Klargjør siden...

Ledig stilling publisert: 26.02.2024 kl 14:14

Arbeidsstad:

Storgata 7, Volda

Kontaktperson:

Tore Aarflot
Tlf: 995 22 999
E-post: Send e-post
Tittel: Redaktør/Dagleg leiar

Om stillinga

Deltid
Privat sektor

Søknadsfrist

Ingen

Journalist helg/kveld

Er du vår nye journalist på helg/kveld?

Møre treng hjelp for å dekke saker som skjer i helga eller på kveldstid. Sakene som skal dekkast er som regel innan kategoriane kultur og sport. Feature-saker er også aktuelle.

Primært ønskjer vi personar som kan sette av ei helg i månaden for å løyse nokre journalistiske oppgåver. Dette er jobbar som kan kombinerast saman med studie. Det passar også fint for nokon som vil «smake på» journalistyrket.

Vi treng også personar som kan dekke topp-handball, fotball og volleyball.

Vi ønskjer personar som:
• Har stå-på-humør.
• Skriv godt nynorsk.
• Likar å jobbe sjølvstendig, men også saman med oss andre.
• Kan litt om fotografering og kan tenkje seg å lære meir.
• Har tilgang på datamaskin og internett.
• Har sertifikat på bil med manuelt gir.
• Er samfunnsinteressert.
• Kjem lett i kontakt med andre og er nysgjerrige.

Er det av interesse så ta kontakt med redaktør/dagleg leiar
Tore Aarflot, tlf. 995 22 999, tore@mre.no snarast.
Søknad vert å sende til: Aarflots Prenteverk AS, Storgt. 7, 6100 Volda eller tore@mre.no

Aarflots Prenteverk / Møre

Storgata 7
6100 Volda

Hjemmeside
E-post: tore@mre.no

Møre er den eldste lokalavisa på landsbygda i Noreg. Frå at vi starta opp med trykkjeri og avis i 1809/1810, har vi heile tida utvikla oss i takt med tida. Difor står Møre fram som ei moderne lokal-avis som brukar fleire plattformer, alt frå papir til digitale kanalar. For deg som vil søkje er det viktig å vite at vi har eit hektisk, men svært triveleg arbeidsmiljø.

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Annonse