Ledig stilling publisert: 02.05.2024 kl 15:24

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Asle Martin Svastuen
Tlf: 909 92 160
Tittel: avdelingsleiar

Om stillinga

Heltid
Privat sektor

Søknadsfrist

19.05.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Automatikar/elektrikar

Vil du vere med på å vidareutvikle den solide industribedrifta Vik Ørsta?

Er du engasjert, har interesse for faget ditt og er ein genuin problemløysar? Då er denne stillinga for deg!

Vi treng meir kapasitet på vår avdeling for automasjon og vedlikehald i Ørsta.

Om stillinga

Som ein stor aktør i norsk industri har vi mange maskiner i gong som treng kontinuerleg vidareutvikling og vedlikehald. Vi investerer og bygger også for framtida, og er heile tida på jakt etter teknisk produksjonsutstyr som kan fortsette å gi oss konkurransefortrinn.

Avdelinga jobbar i team, og du blir ein viktig del av dette.

Hovudoppgåver vil vere:

  • Vedlikehald og optimalisering av eksisterande maskinpark.
  • Bidra ved utvikling av nye og automatiserte løysingar for produksjon.

Kven vi ser etter

Vi ser etter deg som:

  • Set deg kjapt inn i ulike problemstillingar og evnar å tenke kreativt for å finne ei løysing.
  • Likar strukturert problemløysing.
  • Har gode haldningar og lyst til å lære.

Det er ein fordel om du har fagbrev og/eller erfaring som automatikar/elektrikar, innan elektro eller automasjon og styringssystem.

Dersom du har driv til å vere med på veg framover, integritet til å navigerer handlingane dine etter og omtanke for folk, så passar du godt inn hos oss!

Vik Ørsta

Strandgata 59
6150 Ørsta

Tlf: 70047000
Hjemmeside
E-post: firmapost@vikorsta.no

Vik Ørsta er ei leiande kunnskapsbedrift som leverer produkt og løysingar innan marknadsområda Lysmast, Bergsikring, Rekkverk og Marina. Bedrifta er lokalisert i Ørsta og i Vik i Sogn. Vik Ørsta er ein del av Saferoad-konsernet, som er ein leiande leverandør av trafikksikringsløysingar i Europa. Les meir om Vik Ørsta på vikorsta.no

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.