Ledig stilling publisert: 08.05.2024 kl 15:55

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Ronny Rotevatn
Tlf: 97721957
E-post: Send e-post
Tittel: Seksjonsleiar

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

19.05.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Fagarbeidar, Veg og park

I avdeling Veg og Park i Volda kommune er vi stolte av ein organisasjon som er prega av åpenheit, utvikling og samhald. Vi legg vekt på at du skal trivast og oppleve oss som både spanande og utviklande i din kvardag. Stillinga er ein del av eit arbeidslag med ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, parkar, veglys, hamner, kyrkjegardar, kaier og ute-områder.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudarbeidsområdet er innanfor park/grønt, utandørsområder og kyrkjegardar.
  • Stell av tilhøyrande maskinpark er lagt til stillinga.
  • Oppgåver knytt til gravferd ligg til stillinga, men avdelinga har breidt ansvar og fagområde.
  • Vi nyttar it-system for oversikt, tildeling og gjennomføring av arbeidsoppgåver.
  • Søkjar må vere villeg til å ta del i beredskap og brøytevakt.

Kvalifikasjonar

  • Primært ønskjer vi søkjarar med fagbrev.
  • God og relevant erfaring og røynsle frå anlegg/gartnarverksemd vil vere med å vege opp.
  • Førarkort klasse BE, C1 og for anleggsmaskiner er naudsynt.
  • Erfaring med ulike anleggsmaskiner vert vektlagt.
  • Språkkunnskap (Norsk) er naudsynt.

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, har stor arbeidskapasitet, humor og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i vårt fellesskapet.
  • Har gode samarbeidsevner og går godt overeins med andre.
  • Er sjølvstendig i arbeidet.
  • Erfaring med å møte menneske i ulike situasjonar er viktig for oss og vert vektlagt i vår vurdering.
  • Vi oppmodar både kvalifiserte kvinner og menn om å søkje på stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar.
  • Moderne og oppdatert maskinpark. Lønns -og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk.
  • God offentleg pensjonsordning i KLP.
  • Tilsetjing snarast råd.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.