Ledig stilling publisert: 10.05.2024 kl 16:02

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Bodil Brautaset
Tlf: 91194598
E-post: Send e-post
Tittel: avdelingsleiar

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

26.05.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Styrar i Lauvstad barnehage

Ved Lauvstad barnehage er det frå 01.08.2024 ledig fast stilling som styrar. Stillinga er todelt; 55 % administrasjon og 45 % i avdeling som barnehagelærar.

Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnadar med gangavstand til gode skogsområder, turar i fjellet, sjø og fjøre. Barnehageåret 2024/2025 er det 23 barn.

Barnehagen er ein av i alt åtte kommunale barnehagar. Volda kommune sine barnehagar skal støtte barn si lærelyst og bidra til eit godt grunnlag for livslang læring, og i samarbeid med føresette gi barna ein trygg og god start på sitt utdanningsløp. Vi er opptatt av å skape gode relasjonar som ein føresetnad for å sikre barn eit trygt og godt læringsmiljø. Vi arbeider systematisk og målretta med arbeidsmiljøet i barnehagen.

Styrarane har barnehage- og driftsmøte kvar månad. Volda samarbeider og i høve leiaropplæring med andre kommunar på Søre-Sunnmøre.

Saman med barnevern, helsestasjon, skule, kulturskule og vaksenopplæring er barnehagedrifta ein del av sektor oppvekst. Vi arbeider målretta for å oppfylle sektoren sin visjon: Volda kommune har trygge born, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer. For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette. I alt vårt arbeid mellom barn og unge skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik, sosialt tilhøyr og ha like mogelegheiter til å utvikle evnene sine.

Vi søkjer ein leiar som både kan og vil identifisere seg med, og slutte seg til Volda kommune sine verdiar:

RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE

Avdelingsleiar barnehage er næraste leiar.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Det er avsett tid til intervju onsdag 29. mai og torsdag 30. mai. Referansar blir kontakta etter intervju.

Arbeidsoppgåver

  • Leie barnehagen etter prinsippet om at barnets beste skal vere førande
  • Delegert ansvar for det pedagogiske, personalmessige og administrative arbeidet i barnehagen
  • Dagleg ansvar for HMT i barnehagen
  • Utøve nærleiing
  • Bidra til å vidareutvikle tenestetilbodet i tråd med overordna planar og målsetjingar
  • Samhandle med andre, internt og eksternt, slik at vi kan bygge eit trygt og godt lag rundt familien
  • Ansvar for at relevante lov- og avtaleverk vert oppfylt
  • Legge til rette og bidra til eit godt samarbeid med foreldre

Kvalifikasjonar

  • Bachelor som barnehagelærar, eller annan relevant utdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk/småbarnspedagogikk jf. bhg.lova § 24
  • Ønskeleg med vidareutdanning innan organisasjon og leiing, eller forplikte deg til å gjennomføre styrarutdanning innan fire år
  • Kjennskap til lov, forskrift og avtaleverk som er relevante for barnehagen si verksemd
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

Styraren vi søkjer etter:

  • er ein god relasjonsbyggar
  • har god barnehagefagleg kompetanse og evne til å leie endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen
  • er strukturert, fleksibel og løysningsorientert
  • har evne til å inspirere, involvere og motivere sine medarbeidarar
  • har god rettleiingskompetanse
  • er sjølvstendig og har gode framdrifts- og gjennomføringsevner
  • er kunnskapsorientert og har god innsikt i forsking på barnehagefeltet, og evner å bruke kunnskapen i praksis
  • forstår viktigheita av medverknad og samskaping med barn, foreldre, tilsette og nærmiljø for å skape sterke barnefellesskap
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Saman med kvalifikasjonar vil personlege eigenskapar verte vektlagt.

Vi tilbyr

  • ein arbeidsplass der dei tilsette er engasjerte, ser og oppmuntrar kvarandre
  • spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Fagleg utvikling er viktig for oss og for deg, og ein vil legge til rette for eigenutvikling
  • erfaringsdeling og god oppfølging
  • ein kommune som ser verdien av å arbeide saman i eit godt tverrfagleg miljø for å sikre barn og føresette eit godt tilbod
  • løn og arbeidsvilkår etter avtale. Styrar er plassert i kapittel 3.4.2, jf. HTA. Kommunen har god pensjonsordning i KLP

Kommunen nyttar nynorsk som målform. CV må fyllast ut i søknaden.

Om offentlege søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste vert laga.

Det er prøvetid er 6 mnd.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr barnehagelova § 30.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.