Klargjør siden...

Ledig stilling publisert: 21.11.2024 kl 08:53

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Sindre Monsholm
Tlf: 47 41 56 84
Tittel: Banksjef Personmarknad Volda

Om stillinga

Heltid
Privat sektor

Søknadsfrist

08.12.24

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Finansiell rådgivar Personmarknad Volda

Vi søker engasjert rådgivar

Vi har vi ledig stilling som finansiell rådgivar for personkundar ved vårt kontor i Volda. Ved kontoret arbeider det i dag rådgivarar innan personmarknaden i tillegg til næringslivsrådgjevarar og meklarar frå Møremegling.

Arbeidsoppgåver og moglegheiter:

Som finansiell rådgivar får du ansvaret for dine eigne kundar, og du vil følge kundane gjennom alle livets fasar ved å gi trygg og god økonomisk rådgiving. Du får jobbe breitt og hjelpe kundane både med finansiering, forsikring og sparing. Vi ønskjer at du som rådgivar skal arbeide aktivt for å skaffe nye kundar til banken.

I tillegg til gode kollegaer ved kontoret vårt i Volda, blir du også ein del av eit større team og får bidra i ulike prosessar. I Sparebanken Møre får du ikkje berre ein jobb. Du blir ein del av eit team. Vi er først og fremst opptatt av å skape gode opplevingar for kundane våre, kvar dag.

Det er flott om dette er deg:

  • Du får lett kontakt med menneske og skapar gode relasjonar
  • Du er serviceinnstilt, har personleg drivkraft og er glad i å lære
  • Du har relevant utdanning og/eller erfaring innan økonomi og finans

Det vil vere ein stor fordel om du allereie er autorisert finansiell rådgivar. Dersom du manglar ein eller fleire autorisasjonar vil du følgje eit utdanningsløp gjennom Møreskolen, vår eiga kompetanseavdeling. Når det er sagt kan personlege eigenskapar og erfaring vege opp for manglande utdanning. Det viktigaste for oss er deg, di kompetanse og ditt engasjement!

Vi skapar verdiar saman

Dette er vårt løfte til deg som medarbeidar, og dette er litt av det du får i Team Møre:

  • Årlege sosiale samlingar for heile konsernet på Nordvestlandet
  • Ei rekke tilsettegoder som blant anna tilsettelån og gode prisar på forsikring
  • Sparebanken Møre er ei IA-bedrift og er tilknytt bedriftshelseteneste
  • Velkomstprogram for alle nye tilsette
  • Kompetanseheving og mange kursmoglegheiter via Møreskolen
  • Vi jobbar kvar dag for å ha eit ope og inkluderande arbeidsmiljø, og vektlegg samarbeid, utvikling og deling av kompetanse

I Sparebanken Møre verdset vi mangfald blant våre tilsette og ser etter medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaringar, eigenskapar og perspektiv. Vi meiner at dette gir enda betre løysingar og opplevingar for kundane våre.

Søk innan 8. desember 2024

Sparebanken Møre

Postboks 93
Industrigata 14
6101 Volda

Tlf: 70 11 30 00
Hjemmeside

Sparebanken Møre er den største banken på Nordvestlandet med kraft til å dyrke skaparkulturen som er her. Vi gir støtte til små draumar og store visjonar. Vi lagar møteplassar, nettverk og felleskap. Vi skal skape ein forskjell for kundane våre.

Vi har over mange år bygd opp eit stort kompetansemiljø knytt til person- og bedriftsmarknaden, samt aksje-, rente- og valutamarknaden. Saman med Møremegling er vi ein fullservicebank for personar, bedrifter og det offentlege. Vi har ein sterk kredittrating både nasjonalt og internasjonalt.

Nordvestlandet er ein region i utvikling med spanande moglegheiter og utfordringar for både privatpersonar og bedrifter. Vi skal vere pådrivar for lokal skaparglede, slik at vi kan fortsette å vere ein aktiv og engasjert bidragsytar til berekraftig utvikling av regionen vår framover. Med kontor over heile regionen, kjenner vi Nordvestlandet godt. Det er her vi gir tilbake. Det er her vi høyrer til.

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Annonse