Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Til forsiden
Bodil Brautaset Tlf: 91194598 E-post: Send e-post Tittel: Avdelingsleiar barnehage
28.02.25
Gå til skjema »
Volda kommune kan frå barnehageåret 2025/2026 ha ledige stillingar i barnehagane som pedagogiske leiarar og barnehagelærarar. Det kan bli ledig både faste stillingar og vikarstillingar. Behovet vil vere avhengig av permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar.
Dei kommunale barnehagane er som følgjer:
Vi søker deg som er nysgjerrig saman med barn og som stimulerer til barn sin medverkand, undring, leik og læring. Vi søker barnehagelærarar som ønsker å støtte barn si lærelyst, og kan bidra til eit godt grunnlag for livslang læring i nært samarbeid med foreldre. Det vert arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode utviklings- og læringsmiljø, som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse. I botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse. Refleksjon over eigen praksis er ein naturleg del av kvardagen vår. Vidare så arbeider vi aktivt med å implementer Alternativ og Supplerande Kommunikasjon (ASK) i alle barnehagane.
Fleire av barnehagane er praksisbarnehagar, og dei som får tenestestad ved desse må vere budde på å ta på seg rettleiing av studentar.
Sektor oppvekst sin visjon er:
Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.
Barnehagane i Volda er ein del av laget rundt barnet og familien. Saman med helsestasjon, barnevern, skule, kulturskule og vaksenopplæring er barnehagedrifta ein del av sektor oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren sin visjon.
Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn, unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.
Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppe- og individuelle intervju. Førebels aktuelle datoar for dette er 8. mars, 11. mars og 12. mars. Andre datoar kan og verte aktuelle. Referansar blir kontakta etter intervju.
Tilsetjing vil vere avhengig av eventuelle interne endringar.
Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.
Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar skal leie personalet og det pedagogiske arbeidet på avdelinga, støtte enkeltbarn si utvikling og fremme inkludering i barnegruppa, bidra til kontaktskaping og samhandling med føresette.
Som pedagogisk leiar :
Barnehagelærar skal utføre pedagogiske opplegg, støtte enkeltbarn si utvikling og fremme inkludering i barnegruppa, bidra til kontaktskaping og samhandling med føresette. Arbeidet kan vere både i barnegruppa og/eller oppfylging av enkeltbarn.
Som barnehagelærar får du eit medansvar for:
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Du:
Personlege eigenskapar og stabilitet vert vektlagde saman med utdanning og praksis.
Vi tilbyr
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing. Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest før ein startar i stillinga, jfr barnehagelova § 30.
Prøvetida er 6 mnd.
Om offentlege søkjarliste: I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste vert laga.
Stormyra 2 6100 Volda
Tlf: 70 05 87 00 Hjemmeside E-post: postmottak@volda.kommune.no
I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien. I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i. I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut. Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser
Vis alle ledige stillinger
Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.