Klargjør siden...

Ledig stilling publisert: 13.03.2025 kl 16:21

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Line Homberset
Tlf: 70058870
E-post: Send e-post
Tittel: fagkonsulent oppvekst

Om stillinga

Heltid
Offentlig sektor

Søknadsfrist

20.04.25

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Fagarbeidar/assistent i skule skuleåret 2025-2026

Det kan frå skuleåret 2025-2026 verte ledig både faste stillingar og vikariat ved fleire av skulane i Volda kommune. Behovet vil vere avhengig av permisjonar, overføringar, oppseiingar og ressurstildelingar. Behova er enno ikkje fullt ut definerte, og søkarane vil vere aktuelle kandidatar heilt fram til skulestart.

Det vil og truleg vere behov for fleirspråklege tilsette med anna morsmål enn norsk.

Sektor oppvekst sin visjon er:

Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer.

Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I skulane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.

Skulane i Volda er ein del av laget rundt barnet og familien. Saman med helsestasjon, barnevern, barnehage, kulturskule og vaksenopplæring er skuledrifta ein del av sektor oppvekst. Saman arbeidar vi målretta for å oppfylle sektoren sin visjon.

Du må kunne identifisere deg med og slutte deg til Volda kommune sine verdiar:

RAUS – MODIG – KOMPETENT – LÆRANDE

Volda er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). BTI er ein modell for tverrfagleg samhandling, og skal bidra til at barn, unge og familiane deira får naudsynt hjelp så tidleg som mogeleg. Som tilsett i Volda kommune er det forventa at ein forstår og arbeider etter prinsippa i BTI-modellen.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-3, utviding av stilling for deltidstilsett, må du opplyse om dette i søknaden.

Dersom du krev stillinga etter arbeidsmiljølova § 14-2, fortrinnsrett ved tilsetjing, må du opplyse om dette i søknaden.

Arbeidsoppgåver

I samarbeid med lærarane støtte elevane i læringsarbeidet deira i skulen. I SFO vil oppgåvene vere å førebu og gjennomføre aktivitetar, og oppfølging av enkeltelevar som har særskilde behov.

I tillegg vil arbeidet for dei med tospråkleg kompetanse innebere å vere til hjelp med omsetjing til morsmål og støtte elevane i arbeidet med å lære norsk.

Kvalifikasjonar

I nokre av stillingane er det ønskjeleg med godkjent fagbrev som barne -og ungdomsarbeidar. Det kan og verte aktuelt med fagbrev innan helsefag.

Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til nokre av stillingane. Vi legg vekt på personlege eigenskapar, jf punkta nedanfor. Menn vert oppmoda om å søkje.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • har evne til å bygge gode relasjonar
  • har engasjement og hjarte for arbeid med barn og unge
  • er ein vaksen som er trygg, omsorgsfull og er tydeleg
  • har gode samarbeidsevner med kollegaer og føresette
  • er fleksibel, har stor arbeidskapasitet og bidreg til fellesskapet
  • er sjølvstendig i arbeidet

Vi tilbyr

Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.

Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i KLP.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske statsborgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg. Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jfr opplæringslova § 17-11.

Prøvetida er 6 mnd.

Om offentleg søkjarliste: I samsvar med oofentleglova § 25, kan opplysningar som søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønsker at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngi dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og gjere ei konkret vurdering av søkjar sitt ønske om fritak, opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Volda kommune

Stormyra 2
6100 Volda

Tlf: 70 05 87 00
Hjemmeside
E-post: postmottak@volda.kommune.no

I folketal er Volda kommune den største på søre Sunnmøre, og den femte største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.

I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.

I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Annonse