Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Til forsiden
Olav Osvoll Tlf: 95290117 E-post: Send e-post Tittel: adm.dir
07.04.25
Gå til skjema »
Ser du verdien av å kombinere fagområda økonomi, teknologi og leiing?
Tussa Energi søkjer ein engasjert og erfaren avdelingsleiar til kraftverksdrifta vår der desse elementa står sentralt. Stillinga vil ha det overordna ansvaret for at anlegga våre vert drifta og vedlikeheldt i tråd med Tussa sin vedtekne vedlikehaldsstrategi og styresmaktene sine retningslinjer og krav. Avdelingsleiar vil ha personalansvar for 10 dyktige medarbeidarar. Å initiere aktivitetar som sikrar kontinuerleg forbetring er viktig, samstundes som ein balanserar effektiv og trygg drift av kraftverka slik at dei er startklare når kraftmarknaden treng dei. Avdelingsleiar vil spele ei viktig rolle i arbeidet med å sikre berekraftig energiproduksjon der digitalisering, automatisering og optimalisert drift står sentralt. Innsikt og analyse av driftsdata, og innføring av verdibasert anleggsforvaltning, vil bli eit prioritert satsingsområde framover. Du vil vere ein ressurs for heile avdelinga og må kunne samarbeide godt med andre avdelingar. Stillinga går inn i selskapet si leiar- og beredskapsgruppe.
Før tilsetjing vil vi gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetjing gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Vi tilbyr
Langemyra 6 6160 Hovdebygda
Tlf: 474 19 665 Hjemmeside
Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Konsernet har som visjon å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør. Tussa har ei årleg omsetning på om lag 1,4 mrd. Hovudkontoret ligg i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar. Tussa Energi er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har i underkant av 30 tilsette. Tussa Energi planlegg, byggjer og driv vasskraftverk, og kjøper og sel kraft i kraftmarknaden.
Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser
Vis alle ledige stillinger
Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.