Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Til forsiden
Wenche Solheim Tlf: 95755788 E-post: Send e-post Tittel: Kommunedirektør
07.04.25
Gå til skjema »
Er du vår nye kommunalsjef Helse, omsorg og velferd?
Vi søkjer ein engasjert og kompetent leiar som kan bidra til utviklinga av kommunen og tenestene våre. Stillinga er ledig frå 1.juli.
Ørsta kommune er delt inn i tre kommunalområde, leia av kommunalsjefar.
Som kommunalsjef vil du vere ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe, saman med økonomisjefen og personalsjefen. Du vil ha ei sentral rolle i utviklinga av kommunen, og det er viktig at du kan samarbeide godt med dei andre i leiargruppa for å nå våre felles mål.
I leiargruppa vil du ha ansvar for kommunalområdet Helse, omsorg og velferd, men det vert forventa at alle tek medansvar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Utfordringane i norske kommunar krev at kommunalsjefen arbeider med både kommunen som organisasjon og tenestene vi tilbyr. Du skal ha eit kontinuerleg fokus på utviklingsoppgåvene og sjå både kortsiktige og langsiktige mål i samanheng.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar, og du forpliktar deg til å jobbe i samsvar med desse:
Arbeidsoppgåver
Som kommunalsjef vil du ha ansvar for å:
Du vil løyse desse oppgåvene på ein måte som gjer at våre tilsette opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunen nyttar medarbeidarundersøkinga 10-FAKTOR som eit sentralt utviklingsverktøy. Utvikling og ivaretaking av dei 10 - faktorane og gode arbeidsmiljø, er ein viktig del av kommunen sitt utviklingsarbeid.
Kommunalsjefen har også ansvar for å utarbeide saker til politisk nivå og følgje opp politiske vedtak. Det er viktig at du tar ansvar for saksførebuing og bidrar til å skape gode relasjonar mellom politisk og administrativt nivå. Det vert forventa at du møter i politiske møter etter avtale med kommunedirektøren.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein kandidat som oppfyller følgjande kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
Vi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med stort ansvar og mynde
Stillinga er plassert i HTA kap.3.4.1 og er omfatta av HTA kap.1 §6.3.
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Søkjarane vert vurderte ut ifrå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, erfaring frå relevant arbeid, historikk og personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar og historikk vert tillagt stor vekt.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarane som vert kalla inn må legge fram rettkjend dokumentasjon.
Referansar: Vi ber deg i søknaden oppgi referansar på overordna, sideordna og underordna nivå. Utvida referansesjekk vil kunne bli aktuelt.
Dokumentasjon: Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Dalevegen 6 6153 Ørsta
Hjemmeside E-post: postmottak@orsta.kommune.no
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen. Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar: Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser
Vis alle ledige stillinger
Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.