Klargjør siden...

Ledig stilling publisert: 14.05.2025 kl 10:33

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Terje Myklebust
Tlf: 91516905
E-post: Send e-post
Tittel: Kraftverkssjef

Om stillinga

Heltid
Privat sektor

Søknadsfrist

01.06.25

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Prosjekt- og byggjeleiar vasskraftanlegg

Tussa Energi er inne i ein aktiv periode med bygging av fleire småkraftverk, modernisering av eldre anlegg og oppgradering av dammar. Vi søkjer etter ein engasjert, handlekraftig og erfaren prosjekt- og byggjeleiar som kan vere med å planleggje og leie nye prosjekt både i prosjekterings- og byggjefasen.

Du må kunne jobbe sjølvstendig, vere kreativ, resultat- og løysingsorientert, ha gode samarbeidsevner og trivast med å jobbe i ein tverrfagleg stab. Du vil få ansvar for både delprosjekt og heile anlegg, frå idestadiet til ferdigstilling.

Viktige arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre prosjekt til avtalt kostnad, tid og kvalitet
  • Utvikle prosjekt, prosjekt- og byggjeleiing knytt bygging eller rehabilitering av kraftstasjonar, med tilhøyrande vassdragsanlegg (vassvegar og dammar)
  • Kommunikasjon og koordinering, både internt i prosjekta og med eksterne leverandørar
  • Utarbeide førespurnadar, kontrahering, følgje opp prosjektøkonomi og framdrift
  • Kontrakts- og endringshandtering
  • Følgje opp, kontrollere, dokumentere og avslutte prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Bachelor eller master i vassdragsteknikk/bygg og anlegg
  • Relevant erfaring
  • Erfaring frå prosjekt- og byggjeleiing
  • Økonomisk forståing og god teknisk innsikt
  • Meistre flytande norsk, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Av omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkje.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Vi tilbyr

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
  • Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Ei rekke personalgoder som firmahytter og bedriftsidrettslag, og gode pensjons - og forsikringsordningar

Tussa Energi

Langemyra 6
6160 Hovdebygda

Tlf: 474 19 665
Hjemmeside

Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Konsernet har som visjon å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.

Tussa har ei årleg omsetning på om lag 1,4 mrd. Hovudkontoret ligg i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

Tussa Energi er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har i underkant av 30 tilsette. Tussa Energi planlegg, byggjer og driv vasskraftverk, og kjøper og sel kraft i kraftmarknaden.

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Annonse