Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Til forsiden
Bjarne Solbakken Tlf: 93602209 E-post: Send e-post Tittel: Driftsleiar
29.05.25
VØR søkjer sjåførar til renovasjonsbil. Vi har ledig eit 100% vikariat fram til 31.08.26 (med moglegheit for fast tilsetjing). I tillegg til dette treng vi fleire sommarvikarar/ekstrahjelper som kan køyre renovasjonsbil ved fråver.
Søknadsfrist: Snarleg! Seinast 29.05.25.
Kva vi ser etter
Rett person er positiv, omgjengeleg og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Det vert også venta at vedkomande er fleksibel i høve til at stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver og rutinar.
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Arbeidsoppgaver
Arbeidet vil bestå av dagleg innsamling og transport av hushaldningsavfall, samt noko arbeid på våre anlegg. Ein viktig del av arbeidet er dagleg vedlikehald og ettersyn av bilar og utstyr.
Vi tilbyr
Våre sjåførar opplever ein forutsigbar kvardag med arbeidsstad i kanskje dei vakraste omgjevnadane som Vestlandet har å by på.
Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i ein bransje i utvikling. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med lover og reglar og reglement for offentlege tilsette. Det vert trekt 2% til pensjonsordning.
Søk på jobben
Søk snarest mulig. Send søknad til firmapost@vor.no.
Torvmyrane 29 6160 Hovdebygda
Tlf: 70 04 86 00 Hjemmeside E-post: firmapost@vor.no
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR) handsamar avfallet for om lag 21500 innbyggjarar i Volda og Ørsta kommunar. VØR har som målsetting å utnytte verdiane i avfallet og bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter på ein kostnadseffektiv og god måte. Verksemda har 19 tilsette. VØR tek seg av monopoloppgåvene etter forureiningslova slik som innsamling og vidaresending av hushaldningsavfall og slam, medan VØR sitt heileigde dotterselskap, Retura Søre Sunnmøre AS leverer avfallstenester til næringslivet.
Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser
Vis alle ledige stillinger
Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.