Klargjør siden...

Ledig stilling publisert: 28.05.2025 kl 14:00

Arbeidsstad:

Kontaktperson:

Tor Havåg
Tlf: 91852547
E-post: Send e-post
Tittel: Avdelingsleiar krafthandel

Om stillinga

Heltid
Privat sektor

Søknadsfrist

15.06.25

Søknadsskjema

Gå til skjema »

Dataanalytikar

Spennande stilling i krafthandelsavdelinga

Tussa har ledig stilling i krafthandelsavdelinga og søkjer deg som har solid IT-kompetanse, gjerne med spisskompetanse innan data og analyse. Du blir ein del av eit tverrfagleg lag beståande av fagansvarleg IKT, produksjonsplanleggjar/trader og analytikar/leiar. Du vil vere ein ressurs for heile avdelinga og må kunne samarbeide godt. Stillinga vert ein del av eit fagmiljø innan IT i Tussa Energi, og mykje av arbeidet vert knytt til digitalisering, automatisering, data og analyse innan krafthandel og tilhøyrande aktivitetar.

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:

  • Digitalisere og automatisere prosessar innan krafthandel
  • Kartleggje og implementere algoritmehandel for fysisk krafthandel
  • Utvikle og forvalte dataflytar, rapporteringsløysingar, analysar og modellar i datavarehus
  • Forvalte handelssystem, kontaktpunkt og samhandling med aktuelle programvareleverandørar
  • Avløyse innan handel eller andre oppgåver utanfor eige ansvarsområde

Vi ser etter deg som oppfyller fleire av følgjande punkt:

  • 3-5 år med høgare utdanning
  • God kjennskap til Python og/eller SQL
  • Ønskjer å jobbe med ein moderne Azure-basert dataarkitektur
  • Erfaring med dataanalyse og datavisualisering
  • Gode norsk og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Av omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkje

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
  • Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
  • Gode velferds-, pensjons- og forsikringsordningar

Før tilsetting vil vi gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting vert gjort med føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.

Tussa Energi

Langemyra 6
6160 Hovdebygda

Tlf: 474 19 665
Hjemmeside

Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Konsernet har som visjon å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.

Tussa har ei årleg omsetning på om lag 1,4 mrd. Hovudkontoret ligg i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.

Tussa Energi er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har i underkant av 30 tilsette. Tussa Energi planlegg, byggjer og driv vasskraftverk, og kjøper og sel kraft i kraftmarknaden.

Vis flere ledige stillinger fra samme utlyser

Vis alle ledige stillinger

Hvis du ønsker å gjøre endringer på en stillingsannonse du har meldt inn må du kontakte oss.

Annonse