Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AFP): Minst 17 skulejenter døydde då det begynte å brenne på ein sovesal ved ein skule nord i Thailand.
npk@npk.no
Publisert: 23.05.2016 kl 07:20
– Brannen braut ut klokka 23 søndag. 17 jenter omkom, to er framleis sakna og fem er skadde, seier politisjef Prayad Singsin i Vingpatao-distriktet i provinsen Chiang Mai.
To personar er alvorleg skadde, opplyser Prayad. Han seier brannen er sløkt, men årsaka blir framleis etterforska.
– Skulen har elevar i alderen tre til 13 år, seier han.
Skulen blir driven av ei privat stifting, og elevane høyrer til fattige minoritetsgrupper i fjellområda nord i Thailand. Desse gruppene blir ofte ikkje nådd av offentlege institusjonar, noko som går ut over skulegang, helse og utvikling i regionen. (©NPK)