Klargjør siden...
Annonse

Minst 27 omkom i brann i New Delhi

Minst 27 personar har mista livet i ein stor brann i ein bygning i den indiske hovudstaden New Delhi. Fleire er skadde, og redningsarbeidet held fram.

Ifølgje avisa The Times of India dreier det seg om eit tre etasjar høgt næringsbygg i nærleiken av metrostasjonen i Mundka vest i byen.

Tolv personar til skal vere skadde, ifølgje indisk politi. Brannen skal vere sløkt, men redningsarbeidet og leitinga etter overlevande held fram.

– Eg er utruleg trist av nyheita om dei døde i brannen i New Delhi. Tankane mine går til dei ramma familiane, skriv den indiske statsministeren Narendra Modi på Twitter.

(©NPK)