Minst 276 døde i jordskjelvet i Ecuador

(NPK-NTB-AFP): Talet på døde etter jordskjelvet i Ecuador har stige til 276, ifølgje president Rafael Correa. Drygt 2.500 personar er skadde, og styresmaktene fryktar at tala vil fortsette å stige.

Blant byane som er hardt ramma er turistbyen Pedernales. Ordførar Gabriel Alcivar reknar med at det er opp mot 400 fleire døde enn det som er rapportert. Han fryktar mange ligg under ruinane av 40 hotellbygningar som har kollapsa.

– Pedernales er øydelagt. Bygningar har falle ned, spesielt hotell der fleire turistar budde. Det er mange døde, seier Alcivar til lokale medium.

– Vi treng hjelp. Vi treng medisin, vatn og mat for å hjelpe folk, fortset han.

– Hovudprioriteten no er å redde menneske fram frå ruinane. Alt anna kan byggjast opp att, men menneskeliv får vi ikkje tilbake. Det er det som gjer mest vondt, skriv president Rafael Correa på Twitter.

Ifølgje avisa El Telegrafo er 10.000 soldatar og 4.600 frå politiet sett inn for å hjelpe offera etter jordskjelvet. 15 helikopter, fire fly og to småfly er også sett inn i arbeidet.

– Det var skremmande, vi er redde alle saman. Vi er framleis ute i gatene fordi vi er redd for etterskjelv, seier Fernando Garcia, ein tryggingsvakt i byen.

I byen Malta fortel ein av innbyggjarane om desperasjonen etter skjelvet.

– Det var som om verda skulle gå under. Tre hus rundt der eg bur kollapsa og gatelysa fall ned. Det er menneske fanga i ruinane, seier Miriam Santana.

Det er erklært unntakstilstand i seks av Ecuadors 24 provinsar etter det som ifølgje styresmaktene er det kraftigaste skjelvet som har ramma Ecuador sidan 1979. Den gongen omkom 600, mens 20.000 vart skadde.

– Situasjonen er dramatisk for dei opptil hundre tusen som er ramma. Røde Kors-frivillige har jobba døgnet rundt med evakuering av folk i utsette område og seinare livreddande helsehjelp til skadde, skriv regionalrepresentanten for organisasjonen i Mellom-Amerika, Håkon Jacob Røthing, til NTB.

Norges Røde Kors sender vassekspert Fidel Pena til Ecuador. Han har med fem einingar med opplegg til vassfiltrering. Det vil sikre reint vatn til 5.000 menneske.

– Røde Kors koordinerer arbeidet med nasjonale styresmakter og vil trappe opp sin respons med fokus på vatn, helse og husly over dei neste vekene, skriv Røthing. (©NPK)