Klargjør siden...
Annonse

Minst 34 arresterte etter valdelege opptøyar i Dublin

Dublin vakna til plyndra butikkar og utbrende bilar etter opptøyane torsdag. Irsk politi seier at 34 personar er arresterte og ein politibetjent alvorleg skadd.

Demonstrantar støytte saman med politiet i Dublin etter eit knivangrep mot ei kvinne og tre små barn i den irske hovudstaden torsdag ettermiddag. Det var derfor dramatiske scener som møtte innbyggarane i byen fredag morgon.

Politi har vorte utplassert i hjartet av Dublin for å stå vakt utanfor plyndra butikkar, og brannvesenet jobbar med å kjøle ned dei utbrende bilane som vart påtent i løpet av natta.

– Totalt har vi gjennomført 34 arrestasjonar, og 32 av dei arresterte må møte i retten i morgontimane, seier politisjef Drew Harris.

Politibetjent alvorleg skadd

– Ein av politibetjentane våre er alvorleg skadde etter opptøyane, og vi trur også at det kjem til å bli fleire slike demonstrasjonar, seier han.

Irsk politi har skulda høgreekstreme opprørarar for å ha starta valden etter at ei lita gruppe menneske som protesterte mot innvandring, møtte opp på åstaden for knivstikkinga og deretter støtte saman med politiet.

Knivstikkinga skjedde like i nærleiken av hovudgata O'Connell Street, i sentrum av Dublin. Det tok fleire timar før politiet vann tilbake kontrollen etter at folkemengda voks til mellom 200 og 300 personar.

Ein dobbeltdekkarbuss, ein trikk og ein politibil vart påtend, offentleg transport vart stengd og folk vart oppmoda til å halde seg unna store delar av hovudstaden.

Fredag er offentleg transport i gang igjen gjennom sentrum av Dublin, men det er framleis restriksjonar i området og enkelte gater er framleis stengde.

– Fylt med hat

Statsminister Leo Varadkar seier opprørarane er motiverte av hat og har ført skam over Irland.

– Dei involverte førte skam over Dublin, førte skam over Irland og førte skam over familiane sine og seg sjølve, sa ein synleg sint Varadkar til journalistar i Dublin fredag.

Han beskriv dei arresterte personane etter opptøyane som kriminelle.

– Dei gjorde ikkje det dei gjorde fordi dei ønskte å verne det irske folket. Dei gjorde det heller ikkje ut frå noka kjensle av patriotisme, same kor forvridd, seier han og held fram:

– Dei gjorde det fordi dei er fylte med hat. Dei elskar vald. Dei elskar kaos og dei elskar å forårsake smerte på andre.

5-åring knivstukken

Ei fem år gammal jente fekk akuttbehandling etter å ha vorte påført alvorlege skadar i knivstikkinga i forkant av opptøyane.

Ein mann i slutten av 40-åra, som også vart behandla for alvorlege skadar, vart arrestert av politiet, som sa dei ikkje leita etter andre mistenkte.

Politiet sa torsdag at dei ikkje avviste noko motiv for knivangrepet, inkludert om det kan vere terrorrelatert. Dei vil ikkje kommentere nasjonaliteten til den arresterte mannen.

Det er ingen høgreekstreme parti eller politikarar som er valde inn i den irske nasjonalforsamlinga, men talet på små demonstrasjonar mot innvandring har auka det siste året.

Regjeringa går gjennom tryggleiken rundt nasjonalforsamlinga etter at ein protestaksjon rundt bygningen nyleg førte til at fleire folkevalde vart innesperra.

(©NPK)

Mannskap ryddar bort restane av ein utbrunnen trikk i ei gate i Dublin fredag morgon. Foto: Brian Lawless / AAP / NTB

Det braut ut valdelege opptøyar i sentrum av Dublin torsdag kveld etter eit knivangrep mot ei kvinne og tre barn tidlegarepå dagen. Irsk ppolitiet seier tre personar er gripne etter valden og at ein politibetjent er alvorleg skadd. Foto: Brian Lawless / PA / AP / NTB

Irlands statsminister seier at opprørarane som støytte med politiet i Dublin i natt har ført skam over landet og i det heile ikkje er nokon patriotar. Foto: Gráinne Ní Aodha / PA / AP / NTB

Ein dobbeldekkarrt sett i brann på hovudgata O' Connell Street i Dublin. Foto: Brian Lawless / PA / AP / NTB

Store politistyrkar i sentrum av Dublin torsdag. Foto: Brian Lawless / PA / AP / NTB

Irsk politi blokkerer vegen for demonstrantar i sentrum av Dublin etter at eit knivangrep sende sjokkbølgjer gjennom hovudstaden. Foto: Brian Lawless / PA / AP / NTB

Annonse