Annonse
Annonse
Annonse

Minst 400 Statoil-tilsette misser jobben i Noreg

(NPK-NTB): Mellom 400 og 500 av tidlegare varsla stillingskutt skal takast i Statoils forretningsområde Utvikling og produksjon (UPN) i Noreg, skriv Stavanger Aftenblad.

Annonse

Selskapet varsla i juni ei ytterlegare nedbemanning av 1.100 til 1.500 fast tilsette, og denne veka vart eit forslag til nytt organisasjonskart lagt fram for grupper av dei tilsette. Der går det fram at 400– 500 av dei som må gå, jobbar i UPN, som er Statoils største forretningsområde med rundt 4.000 tilsette. Det er landanlegga i Noreg, ikkje offshoreverksemda, som blir berørte. Nøyaktig kor mange stillingar som blir kutta blir ikkje klart før konsernleiinga har behandla forslaget og blant anna sett kor mange tilsette som søkjer sluttpakkar.

Ifølgje Aftenbladet ligg det også føre forslag om kor mange som må gå i det andre forretningsområdet som må ta store kutt, Teknologi, brønn og boring.

Ifølgje DNB Markets har Statoil varsla nedbemanningskutt på mellom 4.500 og 4.900 stillingar som følgje av lågare aktivitet i den norske oljenæringa etter oljeprisfallet sidan i fjor. (©NPK)