Klargjør siden...

Minst 60 drepne i flyangrep mot konsert i Myanmar

Minst 60 menneske, inkludert kjende artistar og musikarar, er drepne i eit flyangrep mot ein konsert i Myanmar.

Konserten i delstaten Kachin var for å markere årsdagen for stiftinga av Sjølvstenderørsla i Kachin (KIO), ei mektig separatistgruppe som har kjempa mot sentralstyresmaktene i fleire tiår og støttar kampen mot militærjuntaen.

Ifølgje lokale nyheitsmeldingar vart konserten angripen av tre jagarfly. Blant dei 60 døde var dei kjende vokalistane Aurali og Galau Yaw Lwi.

Myanmar har vore prega av uro sidan militærkuppet i februar i fjor. Dei militære har slått hardt ned på protestar, demonstrasjonar og væpna motstand. Ifølgje støttegruppa for politiske fangar er 2.370 menneske drepne og over 15.900 arresterte sidan kuppet.

(©NPK)

Annonse