Minst to døde i uvêr i Texas

Hundrevis av bilistar vart ståande fast på overfløymde vegar i Houston etter at ein tropisk storm førte med seg kraftig regnvêr. Minst to menneske er omkomne.

Redningsbåtar har komme hundrevis av bilistar til unnsetning som følgje av at gatene i millionbyen vart ståande under vatn. Mange vart òg sitjande heime som følgje av den kraftige nedbøren i samband med stormen Imelda.

Den eine omkomne var ein middelaldrande mann som drukna då varebilen hans enda på djupt vatn. Han stoppa ifølgje styresmaktene først opp på grunn av flaumen, men tråkka deretter på gassen i eit forsøk på å komme gjennom. I staden gjekk varebilen under i vatnet, som hadde ei djupne på 2,5 meter.

Den andre omkomne var ein 19-åring som vart ramma av elektrisk støyt då han prøvde å flytte hesten sin frå ei innhegning sør for Houston.

Uvêret slo ut straumnettet til 100.000 bustader, og i ein periode måtte Houstons flyplass stenge. Over 900 flygingar vart enten innstilte eller forseinka.

Torsdag kveld lokal tid hadde vatnet byrja å trekke seg tilbake frå dei fleste områda, men styresmaktene rekna med å jobbe til langt på natt for å få rydda vekk køyretøy som folk forlét etter at dei vart ståande fast i vassmassane.

USAs nasjonale vêrteneste opplyser at førebelse anslag tyder på at Jefferson fylke, som ligg rett aust for Houston, vart ramma av 102 centimenter nedbør på berre 72 timar. Viss anslaga blir stadfeste, vil uvêret vere det sjuande fuktigaste i USAs historie.

(©NPK)

Folk ventar ved bilar som er blitt stående i vatn ved storbyen Houston. Foto: Mark Mulligan / Houston Chronicle via AP / NTB scanpix

Innbyggarar blir redda frå vassmassane i Splendora nord for Houston by. Foto: Brett Coomer / Houston Chronicle via AP / NTB scanpix