Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Billettane til boksefesten «The Arctic Rumble» med Cecilia Brækhus i hovudrolla i Oslo Spektrum 1. oktober kostar minst 690 kroner.
npk@npk.no
Publisert: 30.06.2016 kl 09:57
Billettane blei lagt ut for sal torsdag klokka 09.00 etter at det onsdag ettermiddag blei klart at Brækhus får lov til å bokse på norsk jord. Det blir den første profesjonelle boksekampen i Noreg på 35 år.
– Det var ikkje hallar i Bergen som oppfylte dei ønska vi hadde. Derfor blei det Oslo Spektrum. Dessverre må eg seie, men eg håper jo bergensarane kjem til Oslo for å støtte meg, sa Brækhus til NTB.
Prisane varierer frå 690 til 2490 kroner. I tillegg til Brækhus-kampen, kor motstanden er ukjent, blir det tre andre kampar. Det er også venta at det blir laga eit show med fleire artistar i samband med arrangementet .
– Vi skal ta litt av Las Vegas til Noreg og lage ein folkefest, sa Morten Andreassen som jobbar for Brækhus-selskapet First Lady Promotion via Advokatfirmaet Elden. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.