Klargjør siden...

Mistenkt solparksvindlar brukte investorpengar på luksus

(NPK-NTB): Den spanske svindelmistenkte solparkinitiativtakaren Carlos Torregrosa skal ha brukt pengane til norske investorar på bilar og annan privat luksus.

Rapporten frå spanske skattestyresmakter viser at Torregrosa har brukt pengar på luksusbilar, mellom anna ein Rolls-Royce, oppussing av den private bustaden sin i tillegg til bryllaupsfeiring for dottera si, skriv Dagens Næringsliv.

Frå 2006 investerte ei gruppe norske investorar, mellom andre Jens Ulltveit-Moe, Agder Energi og dei tidlegare langrennsløparane Jens Arne Svartedal og Håvard Bjerkeli til saman rundt 130 millionar kroner i solselskapet Barahonda Investors. Selskapet opplyste i mars at Torregrosa tømde selskapskontoen for 47 millionar kroner. Det norske styret i Barahonda Investors har meldt han for økonomisk kriminalitet, og advokat for selskapet Pedro Lago Pérez har kravd Torregrosa varetektsfengsla.

Torregrosa skuldar nordmennene for falske skuldingar og seier til avisa at han vil følgja saka til den bitre avslutninga. (©NPK)

Annonse